Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Dei døde – Glunten kom over eit bein burtmed burstroppa…

Ein lappglunt som heitte Nils Pålso var ei tid til dreng hos presten Daae i Gildeskål.

Ein dag hadde denne glunten kome over eit bein burtmed burstroppa. Ja, han tok rett på beinet; han laga seg knivskaft av det.

I den tida hadde tenarane sengstaden sin i eit kammers i borstua. So ein kveld etter dei var lagd, fekk dei det so uroleg der. Fyrst kom dørene upp; deretter tok det til å skrapa i fotklea etter golvet. Og før dei visste av det, var kammerset fullt av folk; og denne folkeskreia vart no standande der og stuva, og tenarane fekk ikkje sova heile natta. Likevel let dei seg ikkje marka med noko då det vart dagen; for dei hadde mot å sjå kor dette fauk av.

Men kvelden etter bar det til att just på same måten; og um ‘morgonen var ei av ternone og sa det med prestefrua; ho hadde so sagt det til Daae. Same kvelden kledde han seg i ornat og strauk på kyrkjegarden. Og dentid han kom baker, skikka han folk i veg etter lappglunten. So vart han pålagd å gjera greide for seg; serleg vilde presten ha å vita kva han Nils hadde styra med dagen før dei marka denne utia. So kom glunten i tanke um dette beinet. Han vart no pålagd å slå kniven av skaftet, og dessutan samla ihopen alle beinfliser som fanst att. Dette skulde han so bera til kyrkjegarden. «Men se nøie efter så du får alt gravet i jorden,» sa Daae.

Han Nils gjorde no som han var tilsagd, og med det tok det slutt med styren i borstua.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *