Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Dei døde – Han Pe Kristenso i Kalvhagen var gravar…

Han Pe Kristenso i Kalvhagen var gravar. Han hadde mangt eit tak med å få grav i si tid, serleg då i vintrar det var mykjen tele i jorda. Og når han møddest slik, og kom fram i daumannsbein, der det hadde vore grave før, gav han dei medkvart ymis medfert.

So var det ein gong han dreiv på med å reinska upp i ei slik gammalgrav, då kom det eit slikt tungan over han; han fall i ein lummer, og dei visste ikkje å få han vaken. Dei tenkte seg då redd og var etter presten; det var Sandberg som då var. Ja, han fekk kallen på føt’n att. Men han Pe Kristensa vart noko rar av seg etter denne skjærmeisingen (Skjerstad).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *