Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Dei døde – Han var dreng hos presten Daae i Gildeskål…

Ein lappglunt som heitte Nils Pålso var ei tid til dreng hos presten Daae i Gildeskål.

Ein av dei sumrane eg var på skjerpingstur i Porsangen hadde eg med han gamle Johan Nilsskog, ein porsanglapp, til los. Ja, vi var fleire dessforutan; vi hadde klyvhest og greier.

Ein kveld slo vi upp teltet på ein gammal lægerplass. Vi hadde reist langt um dagen, so vi var trøytt og avbaska; og det gjekk lett å få sova. Berre han Johan og ein til vart liggjande vaken frametter. Med dei låg slik, vart det ein rammel utkring teltveggen. Han Johan tenkte på hesten og strauk ut; men han gjekk der vi hadde tjora han. So kom lappen innatt og la seg. Men vel han var komen til ro, bar det til att utkring veggen; no var det noko som for og maska med teltduken; det vistes so tydeleg for kvar gongen det trykte til. Lappen utatt; men såg ikkje noko. Men den vesle økta han var ute, marka vi ikkje til denne uroa; men fyrst han var inne, bar det til att. Og for kvar gongen det slo, flytta det seg etter duken. Men då kallen hadde skøa dette ei tid, fekk han forstand på kva slags selskap vi var komne i.

«Ha dauinga ett oss,» sa han.

Han vilde no ha ein med seg ut; men då det bar i herdinga, var det no ingen som hadde smaus på det. «Ja, vel ingjen annan, so går e,» sa eg. Her laut noko gjerast; so mykje visste eg; for um ein dauding får kringgå deg, har han makt over deg frå same stunda, ser du.

Vi tok no til å spora rundt der; og då vi hadde gjort nokre rundingar, var vi komne åt ein heilar. Der vart vi so vis ein steinraus; det var stein som var lagd dit. Tok so vi til å rulla unda, og so fann vi eit beinrangel nedmura i rausen. Då bad han Johan Nilsskog um freden. Deretter for vi baker til teltet; og resten av natta kom vi ikkje til å bli uroa på noko vis.

Vi var uti ein spassasi til på denne skjerpingsturen. Det var kvelden etter; vi kom til eit stelle det var godt um tørral. Der bad eg dei set upp teltet. Just før vi skulde koia, var eg ute eit snarærend. Alt medan fekk eg høyra til slik bjøllerammel burt mot ein håg. Eg tenkte fyrst det var ein reinskokk som kom drivande; men får so sjå ein flokk snø kvite kyr; dei kom sløngande so pent etter hågen. Og etter flokken kom ein mann i blå klea. Men med eg stod der og skøa, vart det burte alt i hopen. Og so visste eg kva slags tyras dette var. Her skal vi ikkje gje oss av, tenkte eg. For so inn og bad dei tørn ut, og befelte at vi skulde flytta til eit anna stelle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *