Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Dei døde – Ho bar seg so uvisleg åt mot svigermor si…

Det var ei kjerring i Botn som bar seg so uvisleg åt mot svigermor si; svigermora låg hardt klein, og dei venta berre tid for tid det skulde ta slutt med henne. Men likevel var unge-kona so uforstandig ho sette seg til med rokken inne i stua. Ja, det var endå ein laurdagskveld, dette, det som verre var. Den andre bad henne la vera spinninga, men hi berre trøytte på, og sat til det var seinkvelden. So um natta døydde gamla. Og no kom det atti for den andre. Det tok til med det ho fekk det so ufredleg, og verst var det i den tida ho skulde liggja; då naut ho ikkje rist eller ro på noko vis. Ho vart sluttpå so forkomen so ho trudde ho kom til å gang frå vitet.

Men so var dei åt ein i Saksenvik, han Andreas Jenso, han var noko dokterkjent, og elles dyktig med noko av kvart. Og han hadde då fått bukt med denne trollheita, er det sagt (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *