Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Dei gamle hadde ei råd å avverja trollskap

Dei gamle hadde ei råd å avverja trollskap. Um ein fekk driva ein eldbrand i den som vilde senda den ut, so fekk det inga makt.

Denne Tveråmo-lappen kom ein dag til Drage og kravde på etter mat. Kjerringa i huset sa då med han: «Du e inkj so fatti, Annjers, at du e trøngjen om å gang på datta vise.»

Men det vilde ikkje lappen vita av. Han skapte seg galen, og lova illt etter seg. Men just i det same han var i svala, reiv kjerringa upp døra og dreiv ein eldbrand etter han. Lappen skulde vera snar og skvett unda; men han fekk branden i seg, so den berre vasast millom føt’n på han.

«No datta ha du vett på,» sa han (Saltdal).

Dei hadde denne råda lappane seg i millom òg. Eit kompani hadde gjort upp varme på Osbakkvollen. So hadde dei brennevin; og då det leid av ei økt, vart to av dei ustelt, og den eine lova gale. Men då var den ander’n snar å ta ein vedlegg av bålet og driva i kameraten. No kann jer,» sa han (Beiarn).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *