Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Dei lærde nytte tidi

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Ungane laut tidleg lære seg til å arbeide. Skulen freista støda uppunder. På slutningsprøva i skolen laut ungane ha med seg eit handarbeid dei hadde gjort, gjentone sokkar og vottar, og gutane noko trearbeid.

Etter dei var slopne for presten, laut dei hange i med arbeid stint og tidleg. Eg har høyrt um ei gjente som var nokso innpå til binde med ho reid. For vel 100 år sidan var ein Torleivsonen bonde på Viste. Det var ein av dei klokaste mennene i bygdi den tidi. Han skreiv mang ei dokumente åt folk. No stølar Viste på Kjinnhølt. Det leid til slåtten. Kjerringi reid til støls, og gjenta skulde heim. Men ho måtte ta med seg ei brimkløv. Då kløvi var upphengd, sette gjenta seg uppå mellom kløvflaskone og tok til å binde på ein sokk. Du såg mest aldri ei gjente gå gjerandlaus i gamle dagar. Gjorde ho ikkje anna, so batt ho, etter stølsvegen, ja, endå til på hesteryggen. Og Viste-gjenta batt like til hesten stod i Viste-garden. Då møtte Torleivsonen upp ute og sa:

«Ha du vore go te rie ne Brekkudn me, då?» —
« Ja, e ha re-e 'heile vegen, e,» svara gjenta.
«Ja, du får ne då me' me får tå kløve,» sa Torleivsonen.
«Ja, men du får vente te e får bonde tå stikkun mine!» svara gjenta.

Det var arbeidsam rugge det!

Den same Torleivsonen hadde ein gong ein tenestgut som ikkje var fullt so onnug. Han heitte endå Lunde-Knut. So var han på stølen etter fôr ein vinterdag. Den tidi brukte dei skåkvio til feste skjækene til meiane med. Då guten kom med lasset heimpå Langemyre, hadde det røke ei skåkvio. So freista han køyre lasset etter ei skåk, men det bar ut um vegen. So vart han Lunde-Knut leid alt, spente hesten i frå og reid heim. Då han kom inn i garden utan lass, spurde Torleivsonen kvifor han kom slik.

«De rauk ei skåkvi-o!» svara guten.
«Jamen va du dugele, du, so inkji plundra me å gjera att detta. Ner e får skaffa de att ei vi-o, so fer du ette lasse ei gong mø andre søv, du!»

Neste kvelden då dei skulde leggje seg på Viste, fekk guten ei skåkvio og laut etter lasset. Dei var snodige til ta det dei gamle!

Det vanlege var at i framkaret på høysleden hekk det eit knippe med sumarvridne skåkvi-o, um nokor skulde ryke. I bakkaret hekk ein pigghamar til pynte klabbane undå hesteskorne med. På meien var det ein haldar eller ein jarnhake. Når lasset gleid, møtte haldaren. (Torleivsonen på Viste var fødd 1793 og døydde 1853.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *