Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Dei nappa og drog i fellen

I Gauldalen var det vanleg at det sto senger i stall og fjøs frå gammalt. Enno kan ein på einskilde gardar finna seng i uthusa. På ein gard i Haukdalsgrenda står det enda seng på ”pørkhuslemmen”. Det er eit lite rom over grisehuset. Men dette var i alle fall ikkje noko ”ølhus”. Var nok sprettande kaldt også.

Senger i uthuset var det også på Grønli i Ålen. Det var i første helvta av det 18.hundraåret. Karane låg i stallen og kvinnfolka i fjøset. John Grønli var fødd i desse åra – den dagen dei baka kaku til jul, som han skal ha bruka tidfeste dagen med.

Som guttunge var han med og låg i stallsenga. Dei tykte det var så godt og varmt i stallen etter ein kald vinterdag. John fortalde ofte om dette, og han hadde kjent så vel korleis tussane nappa og drog i fellen om nettene.

Det ruska og gjekk over stallgolvet og let i høyet borti forbåsane. Ja, det var som heile garden levde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *