Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Dei to systertre

(Saltdal)

Det var eingong ein mann som hadde to døtter. Båe ville dei ut og tena. Då sa mannen: «Nei, meir enn ei av dykk kan ikkje få fara; ei lyt vera til hjelpen heime. De får heller bytast åt om å vera borte.» Dette laut dei no retta seg etter, og så stelte den eine seg i stand og reiste heimanav.

Då ho var komen eit stykke på veg, møtte ho ein ver som bar ei saks på horna.

«Kjære, klipp meg,» sa veren; «du skal få all ulla.» Vekja gjorde som veren bad henne, og då ho var ferdig å klippa, hengde ho saksa på horna og gjekk.

Lenger frami vegen møtte ho ei ku som bar ei bytte på horna.

«Kjære, mjølk meg, så skal du få drikka deg utyrst av mjølk,» sa kua. Ja, vekja sette seg og mjølka kua, og då ho hadde drukke det ho ville, hengde ho bytta på horna; so skiltest ho med kua.

Vekja gjekk no eit bra langt stykke. Så kom ho åt er kjerring som sat og baka flatbrød.

«Kjære, hjelp meg,» sa kjerringa; «så skal du få eta deg mett av flatbød.»

Vekja gav seg av hos kjerringa til ho var skilt med bakinga.

Ho kom no til kongsgarden, og der fekk ho seg teneste. Det fyrste arbeidet kongen sette henne til, var å binda inn kyrne. «Eg har no just ikkje så stor buskap,» sa kongen, «det er berre tre kyr. Men du må sjå til å få dei på rett bås. Greier du ikkje det, lyt du or tenesta.» Vekja vart reint opprådd. Det var ikkje godt for henne å vita kor kongen ville ha kyrne sine standande. Alt med ho stod og grunda på dette, kom det ein tetting flygande.

«Bind ei innarst, ei yttarst og ei i midten, du!» sa tettingen. Vekja retta seg etter dette. Og slik var det kongen ville ha det.

Så kom kongen og gav henne eit såld og bad henne henta vatn or kjelda. Ja, vekja for med såldet. Men det gjekk som ho hadde venta. Å få vatn til å ligg’ i det, stod ikkje til. Ho vann snautt koma seg eit steg frå kjelda, så var såldet tomt. Det kom då ein tetting flygande.

«Ti-tit!» sa han. «Stikk leir i hola, du!»

Vekja sette seg av og la leir i såldet. Kom så med vatn i det til kongsgarden.

Kongen ville no gje henne løn for den tida ho hadde vore. Han bad henne med innpå eit rom der det stod eit bord med to skrin oppå. Så sa kongen: «Eitt av desse skrina skal du få; du får ta det som du best synest om.» Vekja vart no stanande og sjå på skrina; dei var overlag pene båe, så ho visste ikkje kva for eit ho skulle ta. Det eine var svart og det andre raudt. Alt medan kom det ein tetting flaksande inn glaset.

«Ta det raude! Ta det raude!» sa han.

Vekja retta seg etter tettingen og tok det raude.

Så fortalde ho til kongen om systera ho hadde heime, og om avtala dei hadde gjort. Bad så om å få reisa heim, så systera kunne få koma seg ut. Ja, det gav kongen henne lov til. Og vekja reiste med skrinet.

Fyrst ho var heimkomen, tala ho om for systera kvar ho hadde vore. Så bar det til å sjå i skrinet. Det var breidd fullt av gullpengar.

Ho som hadde vore heime, vart misunnsam då ho fekk sjå alle pengane. «Men no reiser eg min veg,» sa ho. «Og du skal sjå det skal ikkje bli kleinare det eg kjem heim med.»

Då ho hadde reist ei tid, møtte ho ein ver som hadde ei saks hangande i horna.

«Kjære, klipp meg,» sa veren; «du skal få all ulla.» «Pøh, bryd meg om deg! Eg skal til kongens gard og tena,» sa vekja.

Så møtte ho ei ku som bar ei bytte på horna.

«Kjære, mjølk meg,» sa kua; «du skal få drikka deg utyrst av mjølk,» sa kua.

«Pøh, bryd meg om deg! Eg skal til kongens gard og tena, eg,» sa vekja og gjorde seg så grei.

Så kom ho åt ei kjerring som sat og baka flatbrød. «Kjære, hjelp meg,» sa kjerringa; «du skal få eta deg mett av flatbrød.»

«Eg skal til kongens gard og tena, eg,» sa vekja; det var snautt så ho såg dit kjerringa sat.

Ho kom no til kongsgarden og vart stedd i teneste. Fyrst skulle ho og binda inn kyrne, sa kongen. Dei hadde berre tre i talet, sa han; men ho måtte sjå til så dei kom på rett bås elles laut ho or tenesta. Det skal vel eitid bli råd med det, tenkte vekja. Men ho fekk snart røyna at det gjekk ikkje så glatt som ho trudde. Kyrne fekk ho ikkje på bås alt det ho møddest; ho både lokka og truga, men like bågt, gjekk det. Med ho gav på der, kom det ein tetting flygande.

«Bind ei innarst, ei yttarst og ei i midten, du,» sa han. «Pøh, bryd meg om deg! Eg gjer det eg sjølv vil, eg,» sa vekja.

På det siste laut ho gje opp å få kyrne på bås. Kongen skikka ikkje vekja frå seg. Men no fekk ho gang i kjelda etter vatn, sa han, og gav henne eit såld i handa. Ja, vekja i veg. Men vatnet rann or så snart ho lyfte såldet or, kjelda. Men ho gav på. Då kom det ein tetting flaksande.

«Ti-tit!» skreik han. «Stikk leir i hola, du!»

Men vekja lydde ikkje etter tettingen, og dette endast så ho kom åt kongsgarden fri for vatn.

«Ja; gjorde eg no min rett, så jaga eg deg herifra fri for løn,» sa kongen; «for du har ikkje gjort gagns arbeid all den tida du har vore her.» Men kongen let nåde gang for rett som det heiter, og så bad han vekja med inn på eit rom der det var standande eit bord med to skrin oppå. Det eine var raudt, det andre svart. No ville han gje henne eit av desse skrina, sa han. Ho fekk sjølv velja. Ho syntest om båe, og visste ikkje kva for eit ho skulle ta. Med ho no stod der rådvill, kom det ein tetting inn gjennom glaset.

«Ta det raude! Tå det raude!» sa han.

Men vekja akta ikkje på det tettingen sa; ho tok det svarte, ho. Så gav ho seg i ganginga. Då ho kom heim åt systera, var ho så verdig det var ikkje måte på. Ho tedde fram skrinet. Så opna ho loket. Det var fullt av fæle ormar nedi.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *