Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

Dei trudde på dvergen og huldretyet…

Bryggja-Ola var ætta frå Nordfjord og budde i ei lita stove på Aure i Sykkylven. Maret heitte kona hans. Desse trudde på dvergen og huldretyet.

Ein gong spurde han Lars Salmundson Brunstad dei kvar han kunde få sjå underjordiske, han hadde slik lyst til å få sjå noko slikt, sa han. «Å, det er ‘kje stort til å sjå,» sa Ola. Dei er som noko beinragel, lange og granne føter og herdebreide.» Ein gong kom ho Maret på dvergen burte i fjøsen, og då hadde dvergen lagt av seg hatten, so han ikkje kunde løyne seg; men då vart han forkomen, skal eg seie deg. Maret let honom få ta på seg hatten; men sidan angra ho på at ho ikkje skar eit stykke av hatten og gøymde. Det kunde vore nyttigt å ha, trudde ho.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *