Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Else Lunde frå Nedre Dalen

Dei underlege gjentone

Elsa Lunde, og det ho fortalde


I gamle dagar brukte gutane å gå etter gjentor, serleg laurdagskveldane og sundagskveldane.

So var det ein kveld at gamle Lo'n, han Ola, som då var sprek ungkar, skulde uppi Dal'n etter gjentor. No var han Ola tå dei som såg mangt som ikkje andre såg, og ofte vart ute for noko tå kvart. Då han Ola kom nordum Eidsbrune, møtte han nokre gjentor som endeleg vilde innpå han. No var han Ola fæl te jålast. Han tok då ned i jordi og kasta etter dei.

«Men de skulde e nøkk kji ha gjort,» hermde dei etter han. «E fekk nøkk følgji ne atte. E slapp nokk reise uppi Dal'n,» sa han.

Kva han vart ute for meir, vilde han ikkje gjeta.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *