Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Dei vilja ikkje ha dikka

På ein støl låg det ein morgon tri framand-uksar i lag med buskapen ute på stølsvollen. Det var store, gilde dyr, men stølsfolki kjendes ikkje ved dei og jaga dei burt. Morgonen etter låg dei saman med buskapen atter, og vart jaga burt på nytt lag, fordi ein trudde dei høyrde heime på ein annan støl. Men den trea morgonen kom dei att, og gav seg i lag att med bølingen. Ogso denne venda jaga stølskjæringi og gjætsleguten stutane burt. Då kom det ut ei gamal kjæring or haugen austan for stølsvollen og kalla på stutadn:

«Oliussen, Kjinfussen, Olibrand,
kom atte’ te me’!
Dei vilja ikkje ha dikka,
Dei ska’ ikkje få dikka.
Kom atte te me’ !»

Det var haugafolket som ha vilja gjeva kireringi dei tri gilde, brandute uksane. Men dette skyna ho inkje, før det var for seint.

Mest same leis gjekk det ei kone frå Slettemoen i Hol. Tvo morgonar på rad kom det ei stor, gild brandut kyr til buskapen hennar, men kona jaga kyri, og andre morgonen kom det ei kjering ut or haugen burtanfor stølen og kalla:

«Kom atte te me, dei vilja ikkje ha de!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *