Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Deling av vrakgods

Det var ein gammal lovfesta regel at kval og anna finningsgods skulle meldes til lensmannen, og i tida før 1850 ser det ut til at loven blei praktisert nokså strengt, i alle fall når det var ilanddreven kval og andre meir verdfulle ting det galdt, jfr. Berg og Torsken bygdebok, bd. I s. 11. I alle fall var det slik på dei store «vrakgardane». På små og bortgøymde plassar gjekk det vel ikkje så nøye til.

I Medfjordbotn hadde dei før jorddelinga i 1904 den regelen at kvar brukar fritt kunne ta det han klarte å bære med seg heim åleine utan hjelp. Større ting skulle deles mellom dei to brukarane. Etter 1904 blei det slik at den brukaren som fann vrakgodset også hadde rett til å eige det.

«Han 01 Gabriel og han far hadde felles det som kom drivandes på land, og dei bytta det om våren». Noen tjæretynner dreiv åt her kring 1890 og blei delt i fred og fordrageligheit, men ein kvalskrott som rak til lands der inne, førte til mykje krangel og ufred.
(Kornelius Enoksen)

Medfjorden var ein viktig reksterplass. I tida kring 1880 og før den tid var det slik at vrak blei bytta mellom grunneigarane. Seinare blei det vanleg at kvar mann fekk det han kom over og skar merkebokstavane sine inn i funnet.

Det var for det meste berre småting dei fann, og ofte var tingen sundslegen eller skamfert i brotta under land. Ein sjeldan gong kunne dei finne ein brennevinskagge eller ei smørtynne, og då var gleda stor.


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *