Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Gunnleik H. Mjellekaas

 

Dem båkå o bryggja

I julin va dæ bære kost. Dem båkå o bryggja øl, o dem som ha råd te dæ, skreiv hell sende ein mann ette et ankar mæ brænnevin. På Mjelland va dæ skikk at dæ sku vørå et ankar. Når ein kom dit, så fekk ein fyst ein dram når ein kom inn, så sku dæ vørå kaffi o bakels, o to tertu. Når ein gjekk frå huset, sku dæ au vorå ein dram — ingen fekk lov te o gå fyri ein va beskjenkt. O i heile jula så lengje den vårå, fekk me kaffi o bakels o to tertu på ettermeddagen. Han va måteholdsmann Torjus Mjelland, men dæ sku vorå ein førti liters donk mæ brænnevin te jul så han konne spandere når dæ kom folk.

O forholdet miljo bøndein o husmennein va tåleg godt. Dæ kom an på husmannen o på husbonden, dæ æ stor forskjell på konn i den vegen! Når ein husmann døde, va dæ oftast slik at bygdi ordna mæ kiste o begravels, men dæ råka nok at hus-bonden hjålpte te litt i slike tilfelle.

Va ongein så store at ekja ha nytte ta dem, konne ho sytjå på plassen, men va dem for små blei dem bortsette, o ho tok seg tenest. I nordgrenna va dæ to plassar, Steinbakken o Bakken, som va arvefeste. Dæ gjekk helst fe seg på den måten at når dæ va mange ongar på ein gard o dem gamle skifte ut, måtte ein yngre son tåkå ein plass, o jordvegen blei fest på den betingels at så lengje dæ va att nokkon i ætta, sku dem ha plassen. Viss ætta på plassen døde ut, gjekk den attende te garden, men viss ætta på garden døde ut, o dæ kom nye eigarar, måtte plassefolkja fløtjå, men eg trur dæ va slik at plassefolkje konne løysast ut. Dæ konne væl råke at arvefeste gjekk ut, o da konne den som satt på ein plass, bli husmann onder ein ny eigar.

 

Om forteljaren Gunnleik H. Mjellekaas

Forteljaren, Gunnleik H. Mjellekaas, blei fødd i 18751 Gransherad. I dag er Gransherad ein del av Notodden kommune. Intervjuet er frå 1956.

Far hette Halvor Gulliksen Mjaugeto, o mor Torbjørg Jonsdotter. Ho kom frå ein liten jordveg som hette Dalen nordmæ Reisjå i Mostue.

Dette er historia om ei tid då folk tente lite og svalt ofte. Gamle folk gjekk på legd og ungane frå ein husmannsplass fekk ikkje lære å skrive og rekne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *