Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Den bakvende visa…

Det var smått med doktorar i bygdene i gamle dagar. Sist på 1800-talet hadde Aurland ikkje eigen doktor. Heradstyret fekk ordna det så at dr. Moiviken i Lærdal vart rodd i båt til Aurland ein gong kvar 14. dag. Sjølv om dette var lite så var det då berre enn å måtte lite berre på kjerringråd.

Ein Aurlending som hadde vore inne hjå doktoren, møtte ein granne då han kom ut att på vegen og då måtte han fortelje kva han hadde opplevd.

Denne doktoren, sa han, fortalde at han hadde gått i lære på eit universitet. Og han va so flinke at han såg tvers i gjenom folk, og eg besna med ein gong og kjende meg friske straks eg kom utom døri.

Grannen tykte dette var glupe greier og sa avgjort:

– Ja, har me berre helsa og levedagadn, so skao me te doktaren både eg og kona.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *