Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Den daude rotna ikkje før han fekk tilgjeving


På ein heimstad her i Øye var det falle burt eit menneske. So var nokre på kyrkjegarden og kasta upp grefti. Som dei grov, kom dei ned på eit godt som friskt lik. Dei tok liket upp or gravi og reiste det upp innved kyrkjeveggen. So sette dei seg til eta.

Då var det ein gap tå gravarane som sa til liket:

«Du får koma hit te' uss å få de noko mat, du me, Vesin!»

Det var fælt dette, men det skal vera heilt sant!

Då svara den som stod ved kyrkjeveggen:

«Nei, mina kleo era sletne, o min mat e etin! Men vil du ta dette lummeplagge o springe upp te Kasa. Der råka du ei gjente. Vil du so fli ho plagge o spørja um ho vil tegje me!»

Denne Kasa-gjenta hadde gutera som var lik, svikt og jamvel fått ein unge med. Gjenta la han for hat og hadde ynskt at han ikkje skulde rotne i kyrkjemarki.

Gravaren som hadde vore gaput, tok plagget og sprang til Kasa so fort føtene bar. Det vart nok ikkje noko meir tull med han. No var det rame alvoret. 

Då gjenta berre so vidt fekk sjå plagget som guten kom med, kjende ho det att. Han kom nok med bod frå guten som hadde svike henne. Og so sa ho:

«So visst so Gud vil tegje me, so ska e tegje hono.»

Då gravaren kom att frå Kasa og ned på kyrkjegarden, hadde guten som sat lik ved kyrkjeveggen, falle i hop. No var det att berre ein beinrest.

Soleis sa ho mor det. Var ikkje denne sega rar? At ein skal bli so hatig og vill at ein ikkje vil tegje einannan!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *