Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Den gamle bekk-kvenna

Dei gamle kvennhusa er det lite att av i gauldalsbygdene. Det står att ein halv kvennstein her og kvar langs kvennbekkene. Somme stader kan ein sjå heile steinar og restar av nedrotna hus og vasstroer. Grunnmurane står enno.

I eine råa var det skorstein der mølnaren lunka på kaffekjelen i dei lange netter han vakta melderen. Segn og legender knytter seg til desse kvennhusa.

Det var ymse nemningar i kvenna.

Teikna av Anders Krigsvoll

Det som kvennkallen sto nedi vart kalla: Grunnkjuka. I enden av stokken kom: Grunnpiken. Stokken som kallspjølda var tappa inn i måtte vera solvind. Det vil seia at vinda måtte gå med sola. Da fekk ein rett ved å tappa spjølda inn i. Grunnpiken var tappa inn i stokken under kallen. Denne piken sto ned i grunnkjuka som var tappa inn i botnstokken som sto i samband med: Letttreet. Lett-treet kalla dei det som dei lettg kvenna eller la ho ihop med.

Øverst på stokken var Spenolen tappa nedi. Han var 30-40 cm. lang, var av vel ein toms rundjarn. Det var ein bøyg nederst slik at han ikkje skulle gå rundt. Øvst bar spenolen seglet som var fellt nedpå ein utsmidd firkant – nærast rektangulær. For seglet var det meisla ut spor i overkvenna i kanten av auga.

Det som underkvenna kvilde på vart kalla: Luren. Det var noen sterke åsar som låg på tvers ved inste tverrveggen av kvennhuset.

Somme har også kalla denne (luren) for: Benken.

Kallstokken stakk opp gjennom auga på underkvenna. Auga var kledd med tre forma ut som stavane ein laga trekopp av. Denne treringen vart kalla: Grøttinga. Same namnet finn ein att i tredreva som held slipesteinen fast på åsen.

Ein grøtta kvenna og grøtta slipsteinen.

Opp på andre høgda av kvennhuset sto skreppen. Skreppen var namnet på det ein slo kornet oppi.

Nedst gjekk skreppen over i skaktroa med skakteinen som dreiv skaktroa – rista kornet ned i kvennauga. I skaktroa var det eit spjeld som kunne hevast og senkast alt etter kor fort ein ville ha kornstraumen til å drysa ut.

Skakteinen måtte helst vera av rå older. Da beit han best på kvennsteinen. Og skakinga vart best med slik tein.

Framfor luren – benken sto mjølkista med mjølspjeld nedi. Vassrenna vart kalla: Troa.

Ho var laga av uthola furustokkar. Fann dei stokkar som var hole frå naturen var det best. Da spara dei arbeid.

Denne troa var tredelt.

Den første troa som gjekk frå dammen eller inntaket i bekken vart kalla: Gløptroa.

Etter gløptroa kom: Førtroa. Skuvtroa har ho også vore kalla av di ho var til å føra eller skuva til side slik at vatnet vart stengd av. Nedste troa var kalla: Kalltroa. Denne troa sto fast i kvennhuset og førte vatnet ned på spjelda i kallen.

Oppe på kvennhusloftet kunne det vera seng slik at mølnaren kunne bikka seg nedpå og ta ein lur.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *