Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Den gamle kløvvegen

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Det var ikkje beinspelt å fara etter stølsvegen i gamal tid. Vissa var det noko av eit kunststykke å binde med ein reid, slik som Viste-gjenta. Det var ogso eit fælt mas for folk, og eit stort slit for hestane. Den gamle kløvvegen frå Grunke gjekk over Bukono, um Halvoren, gjennom Halvorstøl-lie, mest etter fjorden, over Buaråne ved Løtastøljorde, uppå åsen sør for synste Jaslangstøl-jordo, framum eit tjern synna Knippa, upp på flate Nøsafjelle, vidare synna Bjødnhøvdtjedne og Bjødnhøvdbekken, ned på Kvålsstølen, over Vistestølen, heimover Svedalen og so ned Monsebrøtavegen og Brekkudn til Fossheim.

No syner dei gamle kløvvegane berre som ljose strek i landskapet her og der. Um nokre år er dei attvaksne med rabb og brisk.

Ofte køyrde me kløv åt slike som ikkje hadde øyk sjølve. Me fekk ei mark kløvi, men helst vilde me ha arbeid, ein slåttedag eller eit skurdamål. Hjå dei som ikkje hadde flukst med hestar, so dei kunde ha eigne ridehestar, reid kjerringi upp i myljo (d. e. mellom kløvmeisane, teinone eller flaskone) med ein liten unge i kvar kløvteine. Elles gjekk dei ofte på stølen og bar tunge bører fram og attende.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.