Kilde
SOGUR II
GAMALT OR SÆTESDAL VII
Av JOHANNES SKAR
KRISTIANIA
OLAF NORLIS FORLSG
1915

Den lisle Guten som skulde av og mala.

Der var ein liten Gut som skulde aat Kverni og mala. Men daa han kom eit Stykkje paa Vegjen datt han, og støytte Kornet ned i ei Tuve. So gjekk han sytte og gret. Daa møtte han ei gamall Kone.

”Kva er det du græt fyre, min lisle Gut,” sa Kona.
”Eg græt for det, at eg støytle ned Kornet mitt i ei Tuve,” sa Guten.
”So lyt du ganga til Tuva og spyrja kva du fær for ditt Mælakorn,” sa Kona.

So gjekk han til Tuva.

”Tuve, Tuve, kva fær eg for mitt Mælakorn,” sa han.
”Du skal faa ei Høne som verp med kvart Stig ho stig'er,” sa Tuva og gav han ei Høne.

Guten vart so glad og gjekk tulla og kvad. Daa møtte han ein Ryse.

”Kva er det du tullar og kved fyre, min lisle Gut,” sa Rysen.
”Eg tullar og kved fyre det, at eg fekk ei Høne som verp med kvart Stig ho stig'er,” sa Guten.

”Den vil eg hava, helles drep eg deg,” sa Rysen.

Og Guten var so livende rædd og gav han Høna.

So gjekk han og sytte og gret. Daa møtte han ei gamall Kone.

”Kva er det du græt fyre, min lisle Gut,” sa Kona.
”Eg græt for det, at eg fekk ei Høne som verp med kvart Stig ho stig'er, og den tok Rysen av meg,” sa Guten.
”So lyt du ganga til Tuva og spyrja kva du fær for ditt Mælakorn,” sa Kona.

So gjekk han til Tuva.

”Tuve, Tuve, kva fær eg for mitt Mælakorn,” sa han.
”Du skal faa ei Kjyr som mokkar solengje Mor di kann sitja under,” sa Tuva og gav han ei Kjyr.

Guten var so glad og gjekk tulla og kvad. Daa møtte han ein Ryse.

”Kva er det du tullar og kved fyre, min lisle Gut," sa Rysen.
”Eg tullar og kved for eg fekk ei Kjyr som mokkar solengje Mamme kann sitja under,” sa Guten.
”Den vil eg hava, helles drep eg deg,” sa Rysen. Og Guten var so livende rædd og gav han Kjyri.

So gjekk han sytte og gret. Daa møtte han ei gamall Kone.

”Kva græt du fyre, min lisle Gut,” sa Kona.
”Eg græt for eg fekk ei Kjyr som mokkar solengje Mamme kann sitja under, og den tok Rysen av meg," sa Guten.
”So lyt du ganga til Tuva, og spyrja kva du fær for ditt Mælakorn," sa Kona.

So gjekk han til Tuva

”Tuve, Tuve, kva fær eg for mitt Mælakorn,” sa han.
”Du skal faa ein Duk,” sa Tuva: ”breidsklar du han ut, er der Mat av alle Slagar, og nepper du han ihop, daa er der aldri noko Ting,” sa ho og gav han ein Duk.

Guten var so glad og gjekk tulla og kvad. Daa møtte han ein Ryse.

”Kva er det du tullar og kved fyre, min lisle Gut,” sa Rysen.
”Eg tullar og kved for det, at eg fekk ein Duk; breidsklar eg han ut, er der Mat av alle Slagar, og nepper eg han ihop, er der aldri noko Ting,” sa Guten.

”Den vil eg hava, helles drep eg deg,” sa Rysen.

Og Guten vart so livende rædd og gav han Dukjen.

So gjekk han sytte og gret. Daa møtte han ei gamall Kone.

”Kva er det du græt fyre, min lisle Gut,” sa Kona.
”Eg græt for det, at eg fekk ein Duk: breidskla eg han ut, daa var der Mat av alle Slagar, og nepte eg han ihop, daa var der aldri noko Ting. Og den tok Rysen av meg,” sa Guten.
”So lyt du ganga til Tuva og spyrja kva du fær for ditt Mælakorn,” sa Kona.

So gjekk han til Tuva.

”Tuve, Tuve, kva fær eg for mitt Mælakorn,” sa han.
”Du skal faa ei Klubbe,” sa Tuva, ”og fyrst du segjer: Klubbe, Klubbe, slaa – daa slær ho i Hel alt ho kjem inn-aat,” sa ho og gav han ei Klubbe.

Guten var so velfaren og gjekk tulla og kvad. Daa møtte han ein Ryse.
”Kva er det du tullar og kved fyre, min lisle Gut,” sa Rysen.
”Eg tullar og kved for det, at eg fekk ei Klubbe, og segjer eg: Klubbe, Klubbe, slaa: daa slær ho i Hel alt ho kjem inn-aat,” sa Guten.
”Den vil eg hava: helles drep eg deg,” sa Rysen.
”Klubbe, Klubbe, slaa!” sa Guten.

Daa slo ho Rysen i Dras: der var aldri Mul etter.

So kom Guten heim baade med Høna og Kjyri og Dukjen, og sidan livde han godt alle sine Dagar.

So datt de ne a Selje.
so fór Buytti ti belje.
So datt de ne a Tòdd,
so va Sòga òdd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *