Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Den matsnåle vekja

(Saltdal)

Det var ein gong ei kjerring som hadde ei dotter som var så forstyrt etter mat; ho åt i tide og utide, men like herjen var ho jamt. Mora ville ikkje at dette skulle koma utover; for ho såg gjerne ho kunne få dottera bortgift. Og så fór mora og skrytte av vekja og tala om kor lite ho åt. «Ho er så småmett det er reint forgale, ho et ikkje meir enn ein tetting.»

Så ein dag dei sat og baka flatbrød desse to, mora og dottera, kom det ein glunt ditett. Ja, glunten sette seg av i stua, og då dei hadde røsa eit tak om ver og vind og ingen ting, tok han til å orda frampå om ærendet sitt.

«Eg er no jussom ute og skal sjå meg om etter eit kjerringemne, eg,» sa han.

Då mora fekk høyra kva glunten fór etter, kan det vel vera ho vart kvatr og gild. Ho til å tala om dottera kor dyktig ho var på alle vis. «Men endå det meste, ho er så småmett ho et ikkje meir enn ein tetting,» sa mora.

Glunten sa berre ha og ja til alt det kjerringa rekte ut med. Han forstod ho hadde mot å få dotter si gift, og så sette han seg føre han ville sjå om det var sant at vekja åt så lite. For ho vistest både rund og triveleg, det var ingen vårdag på henne.

Glunten fór no ut som snarast. Og dentid han kom inn, var dei farne or stua både mora og dottera. Så smatt han innpuinn ein benk og la seg av der. Best det var, kom vekja inn. Ho ansa ikkje glunten, og så sette ho seg bort til flatbrødbaksteren. Og no fekk han då sjå kor matfrisk ho var. Ho la i seg ei greip med brød og ei grøft med smør.

(Ei greip, så mykje ein vinn gripa om med ei hand. Ei grøft, det ein får til å liggja i handloven.)

Så kom mora innatt. Då krau glunten fram unna benken. Han gav seg no til å apast med mora om vekja som var så overhendig til å eta. Kjerringa vart forlegjen, kan du skjøna, ho visste det var sant kvart ordet av det glunten sa.

Men han kom til å synast om vekja likevel, glunten. Han tenkte som så: er ho sterk å eta, så er ho nok ikkje mindre briskjen når det ber til i arbeid. Ho var dyktig, å baka, så mykje hadde han sett. Og gifte vart dei.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *