Internt referansenummer:B-24.01.2014
Kilde: GLYTT FRA ULVIK – SKJEMT OG ALVOR
Forfatter: JØRGEN BERGO
Prenta i Voss Prenteverk AA, Voss
Voss 1982
Forleggjar: Hans Bergo
ISBN 82-90451-00-8
Klikk her for å lese ”Føreordet”
Klikk her for å lese en «mini-biografi» om Jørgen Bergo

Den raudmåla tingstova

Tinghuset låg på ei steinbryggja på eigedomen til Brakanes Hotell. Huset gjekk med i brannen i 1940 saman med hotellet.

I Tingstova held filialen til Kinsarvik Sparebank til, og der sat «Gamle-Lindebrekken» i mange år.

Hans Lindebrekke greidde alt åleine, og han hadde korkje skrivemaskin eller reknemaskin til hjelp.

Lindebrekken hadde postopneriet òg. Det var òg i Tingstova. Men det var han Mandrup Sandbakken (Sponheim) som stod for den daglege drifta av postkontoret.

Mandrup var hotell-gut òg. Han var alt-mogeleg-mann, og han hadde det alltid annsamt, småsprang støtt, tykkjest eg hugsa…

Opningstida på postkontoret var frå 8 til 12 og frå 4 til 8 då eg var smågut. Men det var til vanleg ikkje større trafikken enn at han Mandrup kunne stengja eit bel medan han sprang ærend for hotellet. Så låste han døra med ein svær lykel og gøymde han i eit hol oppe på veggen. Alle visste vel om denne lykelen, men innbrot og tjuveri, postran og bankran, var noko ein ikkje trong å uroe seg over ute på bygdene den tida…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.