Internkode:19.01.2009 – B

Kilde:
Marius Dahl og Josef Pedersen
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Lagt inn på www.kuling.net den 14.06.2007 av Stian Lavik
Hentet fra www.kuling.net

Mp3 versjon lest av Yngvar Gustavsen

Den rike Balle

I Ballvika på nordsida av Dyrøya i Øksnes, rett over ifrå Børrøya, har det ein gong vore ei slette, blir det sagt. Reiser du forbi der igjennom Børrøysundet, ser du at det er liksom halve Dyrøytinden er dotten ned og har laga den ura som i dag blir kalla Ballura.
I Ballvika bodde det ein gong ein rik mann som heitte Balle, og gården hans heitte Ballvik. Balle hadde jektbruk og mykje gods og mèdel. Så var det ein vår han ikkje fekk hyrefolk nok til å reise på  vårstemna.  Det var noke slag ”overferd” som herja på gårdana der omkring.  Han sendte då bud i sør og nord om det var noken som kunne  være med, men det resulterte ikkje i noke.
Nå var det så langt att i tida at trolla endå omgikkes med folk på like fot. Ein dag kom det eit troll – Blåtindstrollet – ned frå Dyrøyfjella og sa han hadde hørt at handelsmannen var så i beit for hyreskarar; om han kunne få skjèppe seg  med han? Ja, meinte handelsmannen på, han vart vel ikkje så reint billig i hyra? Nei, han skulle ikkje ta så mykje, sa trollet; det var nå mest for turen sin del – han hadde  lyst å komme seg ut litt. Då handelsmannen skjønte at han kunne få han så rimelig, spurte han de andre – han hadde fått hyrt eit par mann – om de var villig å ha rèsen med ? Ja, visst det ikkje var anna råd, så fikk de ha det som var, fikk han til svar. Dermed segla de.
Men rèsen hadde stilla det vilkåret at han berre skulle arbeide om  natta, for han fikk så ”ondt i auan” av sola. Derfor hadde han vakt med det var skjømt, og de andre fikk då kvile seg, for han gjorde grundig arbeid. Han heiv opp jerna åleina og batt opp segla åleina. Og då de kom til Bergen, trengte de ikkje å bruke noke slags vinda, for han lempa opp av rommet villig vekk – det var berre med de vann å få unna.
Så bar det nord igjen, og vart det då om å gjere å få bør. Ja, det skulle det nok bli ei råd med, sa trollet. Han hadde ei dugelig reim om livet, og på den hadde han tre knutar. Nå løyste han opp den eine, og då vart det fin bris. Like etter løyste han opp den andre og. Då vart det ein flott kuling.
Men då de kom på Stadthavet, løssa han på den tredje knuten, og då vart det snart ein full orkan. De klarte ikkje å ”kle unna på nettan” så snart at de fekk mastra berga;  ho tålte ikkje presset og  brektest av. Nå var gode råd dyre. De hadde landet i le, og det var livet det gjaldt. Så spurte skipperen om ikkje trollet visste noka råd? Jau, det kunne vel hende, men då ville han ha lønn for det. Ka det var han skulle ha i lønn, då? Jau, han ville ha dotter hass, for han var blitt glad i ho. Skipperen måtte da seie som sant, at greidde han å berge folk og last, så fikk han vel få dottera. Då tok trollet og knytte ein knute på livreima slik at det vart berre ein vanlig kuling igjen, og så sette han seg til å holde masterstumpana i hopen. De segla med god fart, og det gikk fint heim.
Då ville trollet ha lønna si, men Balle var ikkje særlig hòga på det – han nekta å gå med på sin del av avtalen. Då vart trollet arg og gikk opp til Blåtinden. Der stemte han ryggen sin imot, og så tok han spenntak mot Balltinden – tinden over Ballvik – og spenna åt. Då ramla heile tinden ned over handelsplassen og begrov den fullstendig.
Med det same kom sola, og trollet vart til stein. Profilen hans er enno å sjå så nokolunde i fjellet – det er den litje tinden de kallar Trollet eller Dyrøytrollet. Andre seier visst berre Litjetinden. Ballura, det er de steinmassene som rausa ut i Ballvika.  Midt i høgste ura står det ein stor stein de kallar Ballursteinen eller Kjerka. Den skal ein gong ha vore høgtoppen av Balltinden. På havet bruker de han til mè.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *