Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
 

Den store snøvinteren

Bildene er kun illustrasjonsbilder

Illria tok til den dagen bestemor blei ført til grava. Det var 20. januar 1937. Her var likevel sledeføre slik at kista kunne køyrast på sluffa, som var godt tenlig også til dette bruket, når bare sætet blei tatt vekk. Det snøa såpass frå morgonen at eg måtte skuffe veg frå framtrappa og dei 20 metrane ned til dalevegen. Heile dagen snøa det tett, og vinden auka på. Det teikna til å bli ordentlig vinter. Fleire av vintrane før hadde det vore smått med snø. Det kunne rett og slett sjå ut som snøfattige vintrar og lite søteple sommaren etter, fylgdest åt. Både søteple og snø var noke som ungar og ungdomar såg langt etter. Kjøpeeple og appelsinar var «lekkerbiskenar» som kom til hus mest bare i juletida. Då kan ein forstå kor velkomen ein rikelig eplehaust kunne vere.

Veret var like stygt heile gravferdsdagen, og langvegsfarande slektningar måtte overnatte. Huset blei så pakkfult at eg og far måtte ta med oss rikelig med sengklede og overnatte på kjøkkenloftet, som slett ikkje var tenkt til slikt bruk. Her kom skorsteinen frå kjøkkenet opp, og den gamle digre gråsteinspipa ruva ordentlig på det vesle loftsrommet. Mannfolka frå Mydlandsheia låg på naboloftet. Kvinnene låg på det store loftet saman med mor. I eine stova låg trulig familien frå Handeland. Kven som låg i andre stova, har heilt falle ut or minnet.

Dagen etter reiste alle folka heim, men snøinga heldt på i dagevis. Ja, det førekjem meg at det snøa i vekevis. Snøen fauk saman i store fenner, og blei hard og fast. Det blei snart uråd å kome ut i skogen med hest. Alt som kunne kallast ski blei nå leita fram frå skjol og trev og tatt i bruk. Av og til måtte der setjast i nye vidjeband, men dei som ikkje kunne den kunsta, fekk greie seg med å spikre ei lerreim fast på skia — eit gammalt sykkeldekk kunne også gjere teneste. Når ein så fekk raggeloddar på lerskoa og ein lang skistav i høgre handa, var det bare moro med eit par meter snø. Raggeloddane var laga av eit garn spunne av halvdelen saueull og andre halvdelen av tagl frå kurumpe. Sjølv om det var knistrande kaldt, heldt raggeloddane tærne varme og gode. På denne måten sat også skiene rimelig fast på føtene.

Truger var også eit brukande framkomstmiddel. Med truger kunne ein trampe ein brukbar veg om terrenget var aldri så veglaust på snøbar mark. Dette nytta vi oss av, og med dragarkjelke tok vi heim skogsvirke frå plassar som elles var heilt uframkomande.

I denne tida var det rutebilane som stod for brøytinga. Dei hadde brøyteplogar montert både på bussar og kombibilar. Så slo dei to fluger i same smekket. Bryge og Åsulv Bryggeså greidde vanligvis å puffe seg gjennom snøfennene, men ein gong denne vinteren måtte dei kapitulere. Det var den natta der blei ståande seks eller sju bilar på Jåddansmyra.

Denne natta og snøstormen etterpå minnest eg med glede, for då tente eg store penger på snøskuffing. Skal tru om det ikkje nærma seg 50 kr alt i alt? Og det var heilt fantastisk for ein 16 åring som mest aldri hadde fått høve til å ta eit dagsarbeid utanom garden heime. Men tilbake til den store «rennefok-natta» på Jåddansmyra. Då var vi mannfolka i grenda bodsendt, og skulle prøve å skuffe vekk snøen fortare enn han fauk i att. Vi skuffa og brøytebilen puffa og bura, men kong Vinter var nok den sterkaste, og li på natta måtte vi bare innrømme at slaget var tapt. Bilane blei ståande til dagen etter, og mannskapet måtte heim og tine opp isjoklane som hadde frose fast i augehåra.

Så lenge det fauk og snøa som verst, kunne det aldri nytte å skuffe seg veg ned til dalevegen. Det var bare å gå oppå snøen. Men endelig slutta då snøinga, og vi kunne ta til å skuffe vegar. Snøen var så hardfoken at det var bare å skjere laus høvelig store firkanta terningar. Snøskuffene av tre var lette og gode å arbeide med. Den første smale snøgrefta var nok ikkje stort over halvmeteren brei, og når der så var hiven opp ein snøvoll attved, kunne ein gå både i «skjul og dekning» som det heiter i militærterminologien.

Dalevegen blei snart utbrøytt og fin. Brøytekantene var nok høge. På det høgaste var det ikkje meir enn at ein vaksen mann nådde toppen med ei snøskuffe.

Då våren nærma seg og høyet i heimeløa minka, var det mange dagars skuffing for å få hesteveg frå Ærenesløa og til dalevegen, og frå dalevegen og opp til låven.

Denne vinteren blei stova etter bestemor tatt i bruk som snikkar-verkstad. Der var det skiproduksjon og litt av kvart, kan du tru. Ja, endåtil ein kjøkkenbenk såg dagsens lys første gong i den stova og i den vinteren. Då bare skjelettet var ferdig, kom der inn ein mann og spurde kva dette skulle bli:

«Flugemasjein,» sa far, og slo inn ein ny spiker.

Minnest eg ikkje feil, så var det i påskehelga dette året vi hadde oss ein sundagstur på heia og stakk innom «Gaml-Andrias» på Ydestad. «Me ville sjå om du va nesnøa,» sa far. ”Jau, nå æ dæ så nere på,” sa Andrias. Snøen låg langt opp på andre ruta i stoveglaset. Vekkjarklokka stod på bordet og hakka bort minutt etter minutt av den lange, dryge vinteren, og der var varmt og godt i den lune stova hos dei to gamle.

Snart kom vår og sommar. Snøen smelta og det kom gras, lauv og blomar ennå ein gong. Slik har årstidene skifta i mannsalder etter mannsalder. Både stova og «Gaml-Andrias og kona er vekke for lenge sidan. Bare murane og skorsteinspipa står ennå og fortel ei ordlaus soge for alle som vil høyre.

Bare murane

Bare murane og skorsteinen står ennå på Ydestad og fortel et ordlaus soge for alle som vil høyre.
Fotograf ukjent.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *