Internt referansenummer:B-24.01.2014
Kilde: GLYTT FRA ULVIK – SKJEMT OG ALVOR
Forfatter: JØRGEN BERGO
Prenta i Voss Prenteverk AA, Voss
Voss 1982
Forleggjar: Hans Bergo
ISBN 82-90451-00-8
Klikk her for å lese ”Føreordet”
Klikk her for å lese en «mini-biografi» om Jørgen Bergo

Den store vedasjauen

Under den første verdskrigen vart det hogge mykje ved i Ulvik. Bergen kommune kjøpte bjørkeskog i alle lier og langs alle strender i heile bygda. På stølane låg det hoggarar og køyrekarar i kvart sel, bygdefolk og framande.

I førstninga vart det sett inn militære. Sidan strøymde folk til frå alle kantar, frå aust og vest, øvde og uøvde. Bygdefolket var med, skreddarar og skomakarar hivde nål og tråd og drog til skogs. Og gardbrukarane nede i bygda, som til vanleg hadde lite arbeid for øykjene sine om vinteren, fekk no prøva kva dei dugde til i skog og snø.

Bildet er kun et illustrasjonsbilde. Lisens.

Pengane strøymde inn. Dei som hadde vet til å stelle seg klokt, fekk høve til å kvitte seg med gammal gjeld, og kaskje leggje litt til side òg.

Det som var verst denne tida, var kanskje tobakksløysa. Den var hard for dei som var mest gjennomtrekte av nikotin.

Ein kunne sjå karar som gjekk og togg på dei finaste sigarar i staden for skrå, og dei som ikkje hadde sigarar heller, gjekk gjerne og kaldrøykte på pipa og sleikte i seg pipolje, eller dei fumla etter tobakksrusk i tome lommer…

Ein del av veden vart køyrd til sjos heilt frå Espelandsdalen og Aurdalslia, men det meste vart fløytt til sjos i Tysso og Vambheimselva. Ein stor del vart liggjande att i elvane. Veden var ikkje kløyvd, berre kutta i kubbar, og han var rå og vasstrukken då han vart kasta i elva.

Det var og urudde elvar å fløyta i. Ein austlending tok på seg å skyte vekk ein del store steinar som låg og stengde i Hydle-djuvet. Han hadde ein god avtale. Dei sa han hadde betaling for så og så mange kilo dynamitt han skaut bort. Kva som er sant, er ikkje godt å vita, men at det small styggeleg fælt nede i djuvet, er det visst ikkje tvil om…

På fjorden låg svære lektarar og lasta veden. Gamle seglskuter der segl og mast og all innreidnad var teke bort, gjorde god teneste her…

Hausten 1917 — same året eg var konfirmert — vart eg med i vedasjauen.

Eg vart køyrekar hjå han Olav Aurdal. Han hadde fire hestar med i vedasjauen.

Første tida køyrde eg med «Gamla-Blokkjæ» – frå Espelandsdalen til Brakanes. Dei første vendene undrast eg litt. Blokkjæ tok til å rusle fint av vegen når eg køyrde innover Eikhovden om morgonen, – ho høyrde rutebilen kom etter oss, eg høyrde ingen ting…

«Gamla-Blokkjæ» var ei grei fjordamerr. Einaste ulempa var at du måtte blåhalda henne medan du spente for, elles tok ho ut straks du hadde fått spent for eine tilna.

Utpå vinteren vart eg tiltrudd å køyre med Stora-Bruno – ei fin andrepremi-merr. Og det var øyk som kunne rekkja, du ! Det fanst ikkje maken i bygda!

Oppatt frå Brakanes hadde eg proviantlass til skogsarbeidarane som låg på Løyning og Sotnos. – Eg var ærendsgut for han Torbjørn Øydvin som var drifts-styrar og hadde kontor på Løyning. Eg skulle hente pengar på Brakanes – etter skriftleg fullmakt. Jamnast var det tre tusen kroner i desse breva. Men så ein gong var det ti tusen kroner i brevet – ein stor pakke med pengar. Det var endå gamle Linde-brekken sjølv som sto i postluka den gongen.

Han grunna litt då eg leverte fullmakt-lappen, hugsar eg. Han sa: «Ja, hadde da ikkje vå fy da atte eg trur du æ ein ærle kar, so sku du ikkje ha fengje da, fy du æ ikkje myndige»…

Det var ikkje så merkeleg at han lurte litt. Det var alle slags folk i bygda den tida, og ikkje alle var vel mors beste bom, kan eg tenkja meg… Men pengebrevet fekk eg, og godt gjekk det, pengane kom vel fram til Løyning.

Det gjekk bra den gongen eg leverte feil lapp til Mandrup på posthuset og. Eg hadde med meg to lappar frå han Torbjørn, ein til Handelslaget på varer eg skulle få, og så fullmakt til han Mandrup.

Eg var innom posthuset først, leverte ein av lappane som han Mandrup stempla og la til side.

Då eg kom til Handelslaget og skulle ha varer der, viste det seg at eg hadde teke feil lapp og måtte attende til han Mandrup for å byta, så attende til Handelslaget med poststempla varetinging.

«Da æ i ferd mæ å ga litt skøytalaust fy seg i bygdæ», sa ein eldre mann som vart vis med lappebytinga…

Pengeflaumen kunne vel stundom gå litt til hovudet på somme. Dei fortalde om ein mann som før hadde hatt lite med pengar, – han hadde kanskje aldri sett ein tusenlapp og endå mindre gått med ein slik setel i lomma.

Jau, så hadde han fått seg ein tusenlapp då, og han hadde ikkje noko i mot å vise fram ein så fin pengesetel. Han gjekk inn til ein handels¬mann og kjøpte noko lite, og då han skulle betale, sa han:

«Eg har ikkje mindre enn ein tusenkronar, men du kan kanskje ikkje veksle, du» ?

«Ein augneblink, sa handelsmannen og gjekk inn på kontoret. Om litt kom han att med nokre «raudegardistar» og «bolsjevikar» og noko småpengar, og kvittering for betalt gjeld.

Det var gleda og sorg den tida óg. Denne «jobbetida», eller «galne tida», som dei sa i bygda, slutta like brått som ho kom. No måtte politikarane hengje over gryta og freiste koke inn pengemassen.

Men det var bra for dei som hadde spart og no hadde pengar i banken. Det var verre for dei som hadde lånt…

Dei som reiste til Austlandet, lånte seg pengar og kjøpte seg gardar, vart ille ute. Dei måtte vel betale attende fire — fem gonger så mange pengar som dei hadde lånt. — Det måtte gå gale…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *