Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

DEN VONDE PENNINGEN

Knut Gletne i Hægebostad hadde den «vonde penningen» for mange år sidan. Han kunne betala med han nett kva han ville og så få penningen att etterpå.

Knut blei umåteleg rik, men han blei likså griug og fekk ikkje sove. Han gjekk alltid og tenkte på penningen og var så livande redd han skulle kasta han bort.

Attened Gletne budde ei gamal, fattig kone med mange born. Ho kom ein gong til Knut og klaga si naud. Då sa Knut:

— Å, det er ikkje så farleg med deg. Du får då sove.

Den «vonde penningen» hev gjenge i arv like til det siste, men det hev aldri følgt lukke med han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *