Kilde
SOGUR II
GAMALT OR SÆTESDAL VII
Av JOHANNES SKAR
KRISTIANIA
OLAF NORLIS FORLSG
1915

Den vrònge Guten.

Der var eigong ei Ekkje som hadde tvo Born, ein Gut og ei Gjente. So var det eigong ho var av baka, Ekkja, og Guten sat eisemall henne; daa kom Kongjen ridande og kaga inn Dyri – det var Sumars Bil og Dyri stod uppe.

”Kor mange er her inne,” sa Kongjen.
”Halvannan Mann og eit Hestehovud,” sa Guten.
”Kor er Mor di,” sa Kongjen.
”Ho er av bakar upp-ete Braud,” sa Guten.
”Kor er Syster di,” sa Kongjen.
”Ho er paa Tingjet, og græt det ho log ifjor,” sa Guten.
”I Morgon lyt du koma heim til meg,” sa Kongjen; daa skal du inkje anten vera fastande eller hava ete, inkje vera nakjen og inkje klædd, inkje rida og inkje ganga og inkje fara etter Vegjen og inkje utanvegs,” sa han.
”Ja, det skal eg daa visst,” sa Guten.

Det fyrste han fekk møna seg tok han ut.

”Hev du ete,” sa Kongjen.
”Nei,” sa Guten.
”Er du fastande,” sa Kongjen.
”Nei, eg hev ein Braudmole under Tunga,” sa Guten.
”Er du klædd,” sa Kongjen.
”Nei,” sa Guten.
”Er du nakjen,” sa Kongjen.
”Nei, eg sveipte eit Net kringum meg,” sa Guten.
”Gjekk du,” sa Kongjen.
”Nei,” sa Guten.
”Reid du,” sa Kongjen.
”Nei, stundom var Føtane ned-paa, og stundom var dei upp-ifraa,” sa Guten.
”Fór du etter Vegjen,” sa Kongjen.
”Nei,” sa Guten.
”Fór du utan-vegs” sa Kongjen.
”Nei, eg fór etter Meidga," sa Guten.
”Men seg meg no det,” sa Kongjen – ”koss kann det hava seg med du sa der var inne halvannan Mann og eit Hestehoved,” sa han.
”Jau, Hovudet av Hesten og Helvti av din Bul var inn-um Dyri,” sa Guten; ”so var du den halve Mann, og eg den heile,” sa han.
”Men du sa Mor di var av baka upp-ete Braud — koss er no det aa taka,” sa Kongjen.
”Ho hadde laant noko Braud, so laut ho av baka att; men det ho hadde laant var upp-ete,” sa Guten.
”Koss kann det daa hava seg med du sa Syster di var paa Tingjet, og gret det ho log ifjor,” sa Kongjen.
”Jau ifjor var ho kaat og gali og let gjera seg ein Ungje, og no er ho paa Tingjet og vil faa seg ein Barnefar, og det fær ho inkje,” sa Guten.
”Du var inkje nauten du; det er rett altsaman,” sa Kongjen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *