Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

 

Der for’n

NB! Bildet er kun et illustrajonsbilde, og er malt av Axel Ender.

På sætra til garden Øien i Feragen var det sers uroleg. Der hende mykje rart der gjennom tidene.

Ein sommar var ei ung jente på sætra. Ho både såg og hørte det som rørte seg i husa.

Borti mjølkbua var det reint gale. Bunkar og mjølkstampar fekk aldri stå i ro. Det ramla og skramla i dei rett som det var. Ein hørte det inne i bua, enda ein visste at det ikkje kunne vera folk borti der.

Presten og klokkaren vart bedne om å koma til sætra. Dei måtte vera rette karane til å hamla opp med maktene.

Dei kom ein sommardag og først skulle dei ha kaffe og smaka på sætermaten. Best dei sat attmed bordet tok det til å skramla og ramla borti mjølkbua.

Jenta for bort til glaset og såg ut.

–    ”Der var n’ att,” sa ho.

Men korkje presten eller klokkaren såg nokon. Likevel kunne det ikkje ha vore heilt fånyttes at dei var der. Det skulle bli roleg etterpå  på denne sætra.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *