Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Der ha han bessfar tusskallan sin.

Litjfrøseten er omtala tidlegare. Han var god å ty til når gardar vart hardt sette av tussane, eller når det var sjukdom på folk eller dyr. Det vart ei råd når dei tala med han.

Ein mann som no er over dei 90 fortalde at han ein gong var på garden der Litjfrøseten budde. Han var herre gutungen og leika ofte saman med sønesønene til den gamle mannen. Husa på garden var bygde slik at det var eit mørkt, trongt smog mellom to av husa. Her var det så fint å gjømma seg når dei leike gjømsle. Mannen fortalde at han ville gjømma seg i det mørke smoget, men da ropa ein av gutane på garden:

– Nei du må itt borti der, for der ha han bessfar all tusskallan sin.

Det er eit ordtak som går att i bygdom her som truleg har samband med Litjfrøseten. Når ein mann er borte og dei ikkje veit sikkert kvar han er, så kan det bli sagt:

– Han æ vøl ivei å jåggå tussa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *