Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Det bli ittnå gagn ti fløtam dine

Det var på ein av Storrøgardane i Støren for omlag 70 år sia. Mørk haustkveld og folket var nett kome inn med mjølka. Det var ikkje meieri den tida og det var separering på kvar einaste gard. Dei laga smør og selde til handelsmannen på Rognes.

Som dei slo mjølka opp i separatorkoppen sto det ei taterkjerring i døra. Ho tagg etter mjølk.

Nei, det kunne ho ikkje få. Måtte venta til det var separert. Mannen på garden drog separatoren og taterkjerringa sto ned-med døra.

– ”Det skal bli nok både mjølk og fløyte,” sa ho.
– ”Nå det vet no du fælt så lite om,” sa mannen.
– ”Det bli ittnå gagn til fløtam dine,” beit kjerringa av.

Mannen slo oppi ein skyet skummamjølk så han skulle få siste skvetten ut av kula.

Fløytekoppen sto på ei hylle som var spikra til veggen med sterke, heimsmidde spiker.

Ikkje før hadde taterkjerringa tala, så datt hylla med fløyte koppen ned og volta mjølkbøttene som sto på golvet attmed. Fløyte og mjølk skvatt utover golvet.

Taterkjerringa gaplo og gjekk ut. Ho slo døra hardt i etter seg. Da dei såg etter var dei lange spikarane dregne rett ut av veggen. Det fans ikkje krok på dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *