Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Det blir no ikkje ho Marja

Din av gubbane i Sandsvika blei enkemann og skulle gifte seg igjen. Då bryllupsdagen kom, blei det eit langvarig uver, og det gjekk mange dagar før dei kom seg av landet. Til slutt stakk han så pass i han at brurgommen for gode ord og mykje skjenk fekk karane til å ta laust, og så segla dei over Bergsråsa i tre klørs vind.

Då dei kom til kjerka på Berg og brurfolket stod for altaret, spurte presten om brurgommen ville ha brura «som hos han stod». Brurgommen, som var tunghørt, trudde at presten spurte etter veret og svarte:

«Om han var vind? Tre klør i Råsa, far!»

Då vigselen var over, sa presten noe om «å elske og ære hverandre». Då snudde gubben seg til brura og sa:

«Å ja, du kan vel bil bra nok, men det blir no ikkje ho Marja!»
(Magnus Balsvik)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *