Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Det brann uppi Kjellarbakka

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


Han Knut Hermundstad (f. 1773, han og ætti for te Amerika) var gift med henne Guri, syster hans far. Tidleg ein morgon han kom ut, såg han tydeleg det brann uppi Kjellarbakka (ein bakke med svaberg i trast nedanfor Gridhamarshusi). Det var liksom ei dør var opi i berget der. Og han såg gjenom denne døri og innpå ein peis. På denne brann det lystig. Rundt i kring peisen sat det mykje folk og lunka seg. Då det leid på litt, slokna elden, og alt kvarv burt. Eg hugsar vel han far tala um dette. Åja, det bur nok engon (ein eller annan) der uppi Kjellarbakka. Det var nok mange som såg noko der. Går du ut og ser dit, ser du plent som ei dør i Kjellarbakk-berge.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *