Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger 

Det der huset…

Frå gammalt har det vore mykje handel med samene på Røros, og diverre var det ikkje alltid så ærleg handel. Samene har alltid vore veike for brennevin. Dei har med eit mildt ord vore glade det.

Dette var det også i gammal tid mange som nytta seg av. Etter å ha skjenka samene fulle slo dei åt seg store, fine reinskrottar for ei skarve flaske dårleg brennevin.

Om eit hus i Røros der mang ein same hadde tapt all sin medel på brennevinsbytte, sa Marit Kant ein gong i sine siste år:

–    ”Det der huset skulle vore målå ti finnblod.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *