Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Det eg såg nedi moen her…

Eg såg noko slikt nedi moen her. Det var enno før eg var vaksen dette. Ja vi var tre i lag den gongen; dei to andre var gluntar her frå Nordnesgarden, og vi var mykjegodt på ein alder alle tre, so vi hadde jamt hopelag. Og dette var ein dag på sumaren, i middagsøkta, og vi var strøkne av ned til Almenningen. Då det leid til den tida dei vaksne skulde stand upp, la vi i veg uppover. No hadde vi drygt av hos selskapet der nede i lengste laget, og for å gjera dette fort, tok vi uppgjenom Svemoen, vi kallar. I dei dagar stod det ein stor støvvar der nedst i moen; so gjorde vi forlikt å kapprenna åt denne. Du veit kva mot ein har å hersk i den alderen. So på sprang; vi nådde dit motes på ei tid, eg var gjerne nokolite før det som var. Men med eg no retta meg upp, kom eg til å bli vis to mann på støvvaren; dei var standande i breidd med ryggen mot. So skulde eg sjå etter selskapet, eg; då stod dei rett attum, og såg på mennene, dei òg. Ja, for det fyrste tenkte vi ikkje anna enn dette var to mann i levande live; og det vi kom til å bit oss best marke i, var klean. Dei var blå på let, og av eit overhendig pent ty; det berre blanka i det. Og so slett og pent! Klean sat godt til kroppen, og serleg trøya; den vistes mest jussom desse munderingstrøyone; men ho var so kort ho nådde ikkje nedpå buksetenningen. Der lyste det kvitt innpå skjorta. Buska gjekk berre til knea, det minnest eg; men på hovudet trur eg ikkje dei hadde noko.

Alt med vi no stod der som fjetra og skøa, tok mennene til å vri på overkroppen; fyrst ein og so den ander’n; og på det siste kom vi til å få sjå dei i ausyna; for dei vart no standande slik dei såg skrått nedpå oss. Men då fyst’n fekk vi syn for kva dette var. Dei hadde daumanns hamlet og vistes so gul og fauskne det reint fælte. Og augo stod sterr mot oss. Eg gølymer det aldri.

Men då må du tru vi gjorde ikkje vegen lang gjenom Svemoen.

Sidan har eg fare der i alle dei år, både i ljosa og i myrkra; men aldri har eg set der so mykje som ei tuve som ikkje skulde vera. Kva trur du um slikt? (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *