Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese Nils Olson Vindingstad

Det er haugafolk i Øystre Slidre ogso

(Nils Olson Vindingstad kan gamalt)

Her i Øystre Slidre levde det for lenge sidan ein dei kalla Påld i Dale. Dalen ligg i Moabygd’n sør-austa Hauga-Høvda.

So var han Påld ein gong seinhaustes aust på Skatrudstøle med noko arbeid. No var han so fæl til låte på munnhorpa, han Påld. Denne gongen med hadde han munnhorpa i lumma. Um kvelden etter arbeidet sat han i selet og let. Då han vel hadde teke til, kom det inn to haugafolk-gjentor og tok til å danse. Han let, og dei dansa til ljosan dag. Då vart dei båe burte, stilt som dei hadde kome.

Kor sant dette er, veit ikkje eg, men det har no gått i ord frå dei gamle.

Ja, der på Skatrudstøle har det hendt noko tå kvart. No skal du høyre:

Ein vinterdag var nokre volbuingar på Skatrudstøle med noko arbeid. Det var endå på nørdste stølen dei dreiv. Dei var nett komne innatt og hadde teke til finne seg noko mat. Då kom det brått inn ein gut og vilde til eta tå maten deira. Dermed tok dei og batt han. Um lit! tok det til rope:

«Fate! Fate!»

Guten svara:

«Fate sit bøndin!»

Det ropte uppatt fleire gonger, og guten svara. Då torde dei ikkje anna enn løyse guten. Han karra seg ut att stilt som han hadde kome.

Litt nordafor stølen er det ein stor haug. Dei som var på stølen og fekk sjå slike underjordiske, hadde den trui at dei kom or den haugen.

I frå den tidi karane fekk sjå denne guten som vart kalla Fate, vart haugen heitande Fathaugen, og so kallar dei han den dag i dag.

Budeione på Skatrudstøle kjenner òg godt Fathaugen. Der i kring har krøteri deira beste hamnen sin.

Ein styggfar min som heitte Torstein Halvorson Skattebuhaugen, upplevde noko underleg. Han var på Etnstøle seinhaustes og skulde ta upp kvitmose. Tidleg um morgonen då han kom ut, høyrde han tydeleg det heldt på sleggje og smie nedi Steintjednhauge. Det var nok haugafolk-smeden som var komen i arbeid.

Ein gong hadde Ola Olson Jørstadhaugen, eller Ola i Øystre-Haugo, som dei òg kalla han, vore på Etnstøle etter fôr. No hadde dei ei kvilarbu ved Trollås’n. Dit var han komen og låg og kvilde. Det var so tidleg at det var myrkt endå. Um litt gjekk han utatt or bui og burtpå til hesten sin. Då hadde hesten hans vorte so skranen og mager, totte han. Straks kom det til honom ein mann. Han sa:

«E de du so har so stygg og mager øyk?»

Ja, det var då det.

«Fulg me,» sa mannen, «so ska du få sjå øykjidri mine.»

So gjekk dei nordetter haugane litt. Då han såg til, var det komne inn på ein ljos, fin gard. Mannen gjekk føre og Ola etter inn i stallen. Der hadde mannen to fine, feite hestar ståande.

«Slek ska du stelle øykjo dine!» sa mannen.

Um litt gjekk dei ut att or stallen, og straks etter stod han Ola i snøen att. Han gjekk då sørover dit hesten hans stod. Då han såg på han, var han nett slik som han hadde vore før.

For om lag 100 år sidan hende dette:

Ein dag kom det eit haugakvinnfolk til Beito. Ho vilde endeleg gifte seg med honom Jul Beito, eldste sonen på garden.

«Vil du forsmå me, ska olykke o vantrivna råke de o dine!» sa ho.

Jul hadde ikkje vit til gjera som ho sa. Det gjekk då ogso tufs og tull med han.

Det var ei gamal gjente her som heitte Guri Nilsdotter Skattebu. Ho tala um at ein vårdag gjekk to fine kyr på Brattreino vesta Vindingstad-husi. Ho sa dette til mannen sin og undrast på kven som åtte dei fine kyrne. Då svara han:

”Å, de e vel den husmann’n so bur nordi reino, veit e!”

Men nordi reino var det ingen vanleg husmann, so det var greitt skjøne kva slag kyr han meinte det var.

Den same Guro-a tala eit par gonger um at ho hadde høyrt trummemusikk frå dei underjordiske her i Volbu.

Gud kom ein gong til Eva og vilde sjå ungane hennar. Men ho hadde so mange at ho ikkje vilde syna han alle. Nokre gøymde ho undå i ein holbenk i høgsætet.

Då sa Vårherre:

«So mange so e dulde, ska bli hulde!»

Soleis vart dei underjordiske til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *