Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

«Det går ein mann til ho mor.»

Dei fortel om ein gammal mann i Torsken at han var svært redd for kona si. Når han var roen ute på fjorden, heldt han alltid auge med garden. Han hadde med seg den unge fostersonen sin, som ofte blei lei av å ligge på sjøen når det var lite å få, og helst ville ro på land.

Guten kunne då reise seg i båten og gi seg til å sjå opp mot husa. Når så fosterfaren spurte ka han glante etter, svarte han:

«Far, det går ein mann til ho mor!»

Gubben tok til å «jage» fort og iltert og blei raud over heile nakken. Så sa han:

«Her er ingenting å få, glunt. Vi skal herre ro på land.» Og då hadde guten oppnådd det han ville.
(Johan Johansen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *