Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Det hemner seg å vera vond og vill

Ho Berit Uvdal


Ho Berit Uvdal var komen tå Søre Øye (f. 1826). Ho var syster til Marit Øye (f. 1817), ho som vart klaga for at ho hadde drepe ungen sin. Ein gong var det kome ut det vonde ordet at ho Berit var digare (var med barn). Ein sundag vilde untegde gjera rune, slik at den som hadde sagt det, skulde ljote ta det på seg. Umegdi stod i ein rund ring. Midt i ringen stod ho Berit med ei kvit bleie over seg. Ho mor var den tidi liti og såg på. Då dei var ferdige, tok alle som i ringen var, til å banne alt dei var god til, på at dei ikkje hadde sagt noko gale. Den som var fælast til banne, meinte dei fekk banna det vonde ordet frå seg. Ei Pusse-Kari sa:

«Est de è e so ha løge på ho Berit, sko de få trø me småe so gryn o stappa me ni ein syrpask.»

Dette banna ho på høgt og dyrt.

Det var stygg synd å rune. Natti etter vart det so fæl ei runing på Øye. Det var heller verre enn dagen før.

På Øye var det so rnykje kortspel i gamal tid. Ein gong for lenge sidan sat det eit kortspellag der og spelte i langsameleg tid på ei helle. Då det leid på, vart det visse med at det var blod på fingrane deira. Til slutt fekk dei sjå at hella det spelte på, var blodut. Dei freista tørka blodet tå. Men te meir dei turka, til meir blod vart det. Til slutt vart det so ille at dei laut slutte med spelingi. Eg har ikkje høyrt meir um det, eg.

Det var so mange stygge, ville dansar i gamal tid. Ein gong var det ein slik dans i Grøv. Ein som stod på troppi, såg at det vart dansa villare enn vilt, ikkje berre inne, men endå verre ute. Der totte han dei dansa um eit bord so eldspruten stod, og under bordet låg ein svart hund og lurde. Det var han Johans Kasa som gat um dette.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *