Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Det hender at tussane syner seg også i notida.

I same strøket som tussane synte seg i gamal tid hender det at ein råkar dei også i notida. Ein ung mann var på heimveg seint på kvelden. Månen var komen opp — ein råskakk skalk av ein vaksandmåne. Mannen gjekk i sine eigne tankar oppover den nye Haukdalsvegen frå brua. Tenkte vel helst på alt og ingen ting. Da han kom framom grustaket, hørte han at det var nokon som knerta og hogg i skogen der. Han var sjøl med i tømmerhogst der om dagen, og det var i hogsten deira låten kom ifrå. Inne mellom trea såg han noen småkallar som dreiv på og hogg med dei pjatra og snakka. Han skjøna ikkje eit ord av det dei sa, men praten og øksane gjekk. Dagen etter var han ned til staden og ville sjå om det var noko merke etter arbeidet, men det var ikkje dusta å sjå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *