Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Det presten Magelsen kom ut for…

Men har du høyrt kva presten Magelsen kom ut for, då?

Han var sitjande innpå kantoret ei natt og arbeidde med ei preike. Best det var, banka det på døra, og so kom det inn ein mann i ei stor, svart kappe; kappa var so sid den soptes etter golvet. Og under armen hadde denne skapnaden ei bok. Ja, han helsa. Men presten syntes dette var noko nifst, som vente kan vera. So spurde han kva mann det var, og kvar han kom frå.

«Jeg er ikke fra hedningeland; men fra de oplystes lande,» gav han til svar. Men mykjegodt i det same var mannen kvorven burt.

So ei tid deretter fekk Magelsen atter vitjing av same mannen. Han helsa som sist. Men denne gongen kom ikkje presten seg til å setja fram noko spursmål. Og mannen vart standande tyst utmed døra, til han vart burte for presten.

Dette same spelet tok seg uppatt enno ein gong. Men tredje gongen han tedde seg, gav han seg ikkje av burtmed døra. Han kom no skridande til bordet der Magelsen sat; so retta han åt presten ein papirrull, og bad han ta vare på den. Magelsen hadde sopass tankane for seg, at han forstod dette var ein død som søkte ditett for å få noko uppklara; men likevel hadde presten no fått slikt atthald i seg for denne skapnaden, so han kom seg ikkje til å ta imot for det fyrste. Men alt med presten sat slik og eva seg, vart han skilt med mannen. Og fleire gonger kom han ikkje til å få sjå han.

Dette kom til å gang hardt innpå Magelsen; han fekk no slik anger i seg for denne rullen; og det var ei lang tid attpå so han var høveleg rar av seg (Gildeskål).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *