Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

DET VAR I DEI TIDER

Gunhild Kvåle, kona til Anen Steinerson, hadde ord for å vera svært griug. Når ho sat til bords, åt ho seg aldri mett, for ho visste at tenarane slutta når ho gjekk frå bordet. Men Gunhild blei rund og feit, korso. Tenarane gjætte ho difor, og ein dag såg dei ho sitja nedanfor sommarfloren og eta lefser som ho hadde gøymt i mjølkeringa.

*     *     *

Gamle Ånen Verdal i Eiken hadde ein gong vore til Kristiansand og gløymde etter seg hektesølja til hatten. Dette gådde han ikkje før han var heime att, men så snart han hadde ete, strauk han tilbake til byen for å henta sølja. Det var 8 mil. Ånen levde for over 100 år sidan.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *