Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

«Det var just der eg sikta.»

Han Hans på Finnsæter var svært flink til å fortelle, og det kunne nok hende at han av og til smurte litt tjukt på.

«Vi var ofte plaga med at måsen stal lever av tynnene våre», fortalde han.
«Ein vår blei måsen så besett at eg til slutt måtte botne levertynna mi att. Men då hakka han hol i tynnebotnen og drog levra opp gjennom holet, ei for ei.»

Han Hans var ein kjent jeger, og del fleste av fortellingane hans er knytt til opplevingar i skog og mark.

Ein kveld i adventa rodde han inn til Svarthola. Då fekk han sjå to lysande prikkar over i Nordlandet og skjønte at det var eit stort dyr der. Han undra seg over om børsa ville bære så langt og la an på ein stein og skaut. Då del rodde over og fann dyret, var det ein uhorveleg stor oter. Rompa var el famn lang! Kuleholet stod midt i mellom auan, på sentimeteren.

«Ja, det var just der eg sikta,» sa han Hans.
(Edv. O. Haugland)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *