Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Det var to gluntar av Medby…

 

Ja, det er fleire som har fare og set der ved Høgjarfall; soleis to gluntar av Medby. Dei kom gangande ein kveld, sette so frami to kvinnfolk i lappklea. Dei stod der og kjekla um eit barn; og skikkeleg forharma var dei båe, so gluntane venta berre tid for tid dei skulde renna i ausyna på einannan.

Men so med eitt var kvinnfolka burte.

Gluntane kom heim og tala um det dei hadde set; men det var ingen som vilde tru dei.

Nokolite deretter vart ein av gluntane jussom kleinpjuskåt, og vart gangande slik og dra seg. Men dei såg snart kva veg det bar med han; og glunten levde berre til frampå sumaren, han.

Dei som kjende nærare til dette, attleta på han hadde fått noko i seg ved Høgjarfall; og det skulde vera den rette årsak til hans død (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *