Hentet fra ”LIV OG LAGNAD I STJØRDALSBYGDENE”
(STJØRDALSBOKA BIND I DEL II – side 429)

Petter Slungård (f.1840) fortalde at ei natt kjørte han fra Langli i Selbu over Kufilet til Ytteråsen. Det var slikt fint måneskjenn og skårråsnø. Så kom det ein stor grå varg og ville kaste seg på manken åt hesten, og da hesten la på sprang vart han enda meir nærsett. Men så hengte Petter ut eit reip, og da vart vargen meir var, så han kom seg frå han.

Omkring 1908 var det ein varg som streifa omkring i Hofstadgrenda og i skogen der omkring. For å få has på den laga skytterlaget til jakt med manngard. Da det lei på dagen skulle karane ta seg ein kvil på Bjørndalsplassen. Mens de sat inne der fekk de sjå at vargen kom smygande attmed ein skigard. Jo Håvereina som var vaktsjef skulle skyte, men han skulle stelle seg med anlegg først, og det venta ikke vargen på.

Det vart så samla inn pengar til eit ”værgfond” som skulle nyttas til å løne ein kar til å drive jakt. Det vart engasjert ein kar til dette, og han la ut gift. Sommeren etter fans det ei dau kvige oppe på Bjørndalen. Nokre trudde ha hadde fått i seg av gifta, andre at det var vargen som hadde vore framme. Men så fekk han som åtte kviga pengane som var i ”Værgfondet”, vargen såg de ikke meir til, og så vart det ikkje meire snakk om kven som hadde ansvaret for gifta.

I Hofstadgrenda var bjønnen så nersett at sauene måtte inn i sommerfjøset kvar natt. På døra vart det hengt ei gammel tinnharv og ho hong der lenge etter at det var fritt for bjønn.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *