Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Død og likferd

Dei som drogst med døden

Dersom ein hev drukke av ei gryta nokor tid, so kann han ikkje få døytt fyrr dei kvelver ei gryta yver andlitet på han.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Millom fjørene på høna er der ei dei kallar ”urosfjøra”. Dersom den er i puta, kann ikkje den sjuke døy.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Dersom den sjuke låg lenge og drogst med døden, freista dei med å skifta puta under han, eller å kvelva gryta yver han. Dei freista båe hjelperådene då Anne Maria Jensdotter Vige låg på det siste (1851).
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Tønnes på Myrann låg og drogst med døden tvo-tri døger. Dei kvelvde ei gryta yver han.
(Gurine Kimestad)

Dei kvelvde ei gryta yver Anne Maria Hansdotter Torve fyrr ho døydde (1830).
(Hendrikka Jørgensdtr. Eig f. 1832)

So snart den sjuke var slokna, sette dei uppe døri; og glaset um dei hadde gangglas; men det var sjeldan dei
hadde svorne glas. 
(Tomine Ausland)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *