Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Død og likferd – (Døden)

Ein skulde aldri drikka or ausa; for då fekk ein ikkje døy fyrr ausa var kvelvd over ansiktet.

Ingen får døy fyrr han har ete eit pund hår og eit pund skit.

Sjuke folk måtte ikkje liggja på fjører, korkje på hønefjører eller på hanefjører. På desse fuglane er det ei einskild fjør som gjer at den som ligg på henne, får ikkje døy. I fall ein visste kvar denne fjøra sit, kunde ein plukka ho vekk. Men det er diverre ingen som veit det.

Var det nokon som låg og «drogs me døden», men ikkje fekk «slepp-åv», var det ymse ting ein kunde gjera til å letta døden. Ein kunde lesa over deim, bora hol i taket og liknande.

Når dei høyrde det ropte i elva, var det nokon som hadde drukna.

Når liket ikkje vil stivna, skal det koma nokon etter.

Når det har vore to dødsfall tett etter kvarandre i bygda, spør alltid folk: «Kven skal bli den tridje?»

Likhalmen måtte brennas, jamvel um det var halm som var umbytt med ny halm eit par dagar fyrr den sjuke døde.

Eit barn måtte ikkje vera inne der det låg eit lik. I det heile var det sjeldan folk inne der liket låg.

Det var ein stygg skikk det hadde på sume gardar. Når ein ung gut eller ei ung gjente var død, sette dei likkista utan lok midt på golvet og laga so «leikstuggu» ikring. Dei sat rundt kista og dreiv med ymse slags leikar. Ein gong fløygde dei ei gjente burt på kista der det låg ein ung gut. Ho skulde tala med kjærasten sin, sa dei. Men då reiste guten seg upp i likkista.

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *