Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Død og likferd

Drikking i likferder

Då Auen i Altona på Eig gjorde likferd til kona si, var der mykje drykkevaror, og dei tok flust til seg fyrr dei gjekk med liket, både Auen og dei hine.

Der var so tronge dører hjå Auen at dei laut halda kista på kant då dei bar liket ut. Loket var ikkje skikkeleg fastspikra, og dei som bar, kvelvde kista so mykje at liket datt i golvet.
– ”Døkke får peinedø se ò soml enn opp igjen! sa Auen.
(Teodor Olson)

*     *     *

Ein annan mann frå Eig datt av kjerra på Likhella (ved Lunde) då kona hans skulde til gravi. Det var so seint som ikring 1870. Han var so drukken, han rokk ikkje lenger.
Presten kom fleire gonger til Eig etterpå og skulde skrubba han. Men mannen skipa det jamt so at han var aldri å finna når presten kom.
(Gunhild Knutsdtr. Eig)

*     *     *

Um dei fòr sameleg til kyrkjegarden med liket, so kunde det endå høva til at dei vart meir gladværuge ut på kvelden enn dei med retten burde vera i eit likferdshus. Dei hadde ein dansetrall dei kalla «Sme-Tørbors liksalme». Han hadde visst fenge namnet avdi Tørborg hadde brukt å syngja han likferdskveldane. Han lua so:

Hei lysti på de eine beine,
hel lysti på di begge to!
Hei lysti kling-klang,
ta pigane på fang!
Skjenk i et glas vin
for allerkjæresten min!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *