Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Død og likferd

Feigdevarsel

Når hunden yler, er det merke på at der er feigt folk.
(Gurine Kimestad)

*     *     *

Sameleis når hanen gjel i utide, og når det kjem fuglar flaksande uppetter vindauga, og når reven gøyr um huset.

*     *     *

Dersom det syng for øyro, er der feigt folk.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

*     *     *

På Try høyrde dei jamt banking på dørene og på loftet når nokon var feig.
(Gustav Skarpeid)

Då Anders Hujeson Lunde var død (1811), kunde tenestguten Nils i Ospedalen fortelja at han hadde høyrt banking på likkistebordi i skjolet kveldane fyreåt.
(Sesilia Andreasdtr. Lunde f. 1844)

*     *     *

Torjusgudann, sønene til Torjus Jørgensen Berge, hadde likkistebord liggjande i skjolet. Når dei høyrde det small i bordi, var det feigdarbod, og då gjorde dei likkista ferdig.
(Hendrikka Jørgensdtr. Eig f. 1832)

*     *     *

Tvo halmstrå som låg i kross, var merke på at ein var feig.

Sumaren fyre Andrias Larsson på Eig døydde, hende det jamt at Rakel, dotteri, trefte på tvo halmstrå i kross når ho gjekk yver tunet. Ho vart ille ved, for ho visste kva det hadde på seg. Det var umlag 1890.
(Berte Eg)

*     *      *

Nåljos synte seg sumtid (helst i vindaugo) der nokon var feig.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Torkel på Øydgarden og Edvard i Krogen gjekk i fylgje yver Ronebrui millom Berge og Stokkeland. Då såg Torkel so skarpt eit ljos på Stokkelandssida. Han sa det til Edvard, men Edvard kunde ikkje sjå det.

Torkel fortalde det til Ase på Øydgarden, og då ho høyrde at Edvard ikkje kunde sjå ljoset, sa ho:
– ”So har kje han lenge igjen å leve.”

Edvard døydde same sumaren (1869).
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

*     *     *

Når ein klæjer på hoka, fær ein snart spyrja at ein skjeggutt mann er død.

*     *     *

Jolekvelden skulde ein taka eit byggkorn for kvart menneskje i huset, og leggja dei på golvet der kvar var van med å sitja. Ein laut sjå vel etter at alle korni var fulle. Dersom eitkvart av korni var tomt um morgonen, so var den feig som kornet var lagt for.

Det vart gjort hjå Jøren Stausland etter han var gift (vigd 1841), og dei trudde på det.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

*     *     *

Jolenatti stend dei på kyrkjegarden hovudlause, dei som skal døy innan næste joli.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

*     *     *

Nyårsnatti klokka tolv skulde ein gå ut og sjå inn igjenom vindauga medan dei andre sat ikring bordet. Då vilde ein få sjå dei hovudlause, dei som skulde døy det året.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

*     *     *

Dersom ein av likferdsfylgjet vert for seint ferdig når dei skal gå med liket, skal han døy fyrst etterpå.

I likferdi til Tarald Larsson på Eigsmonen (umlag 1910) var det ein i fylgjet som aldri kunde verta ferdig, han hadde so mykje å springa etter då dei tok liket ut. Der var sume som tala seg imillom um det at han var visst feig. Han døydde noko nær etter.
(Gurine Kimestad)

*     *     *

Dersom ein snåvar i svilli i eit likferdshus, skal det snart verta lik atter.
(Ånon Larson Kleppland f. 1844)

*     *     *

Når hesten går fort med liket, skal det snart verta lik atter.
(Gurine Kimestad)

*     *     *

Når kyrkjeklokkone er lyde, skal det snart verta lik frå garden atter.

Torborg Kristiansdotter Stausland (1804-1881), dotter til lensmannen, kunde høyra på klokkone um det snart skulde verta lik att.
(Johan Markusson Stausland f. 1847)

*     *     *

Då Nils Vestrus vart gravlagd (i 1870-åri), sa dei:
– ”Her bi snart likkfår på garden igjen, klokkann e så lye.”
(Gustav Skarpeid)

*     *     *

Dersom likfylgjet gjekk i dottevis på heimvegen frå kyrkja, skulde det snart verta lik atter.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *