Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Død og likferd

Hane i båten ved sokning

Når dei leita etter ein som var drukna, skulde dei hava ein svart hane med i båten. Der hanen gol, skulde dei finna liket.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

Der var tvo mann, far og son, som hadde vore falle, og den eine hadde skuva den andre ut av båten på Høllefjorden, so han drukna. Far til forteljaren var med og sokna med ein hane i båten. Dei leita helle fjorden ikring til fånyttes. Men då dei kom inn mot land, tok hanen til å gala, og der fann dei liket.
(Johanne Marie Nilsdtr. Vestrus f. 1849)

Der var ein mann drukna i Repstadvatnet. Dei sokna etter liket med ein hane i båten. Då dei var nede ved Vassbottheia, gol hanen, og der fann dei liket, det stod under ei ufs.
(Gurine Kimestad)

Forteljaren hadde vore med og havt ein hane med i båten, dei sokna etter eit drukna barn i Trysfjorden. Det var mori til barnet som vilde dei skulde prøves med hanen. Men hanen gol ikkje, og dei fann ikkje liket. Det var umlag 1906.
(Gustav Skarpeid)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *