Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Død og likferd

Likferd

Dei gamle sa gravøl, inn i andre helvti av det 19de hundradåret.

Likferdssendingi var mindre enn bryllupssendingi, men det var same slags mat dei bar.

På bordet i bryllup og likferd låg eit surbrød med ei kaka uppetter det på kvar sida, og ein heil (eller halv) søtost ovanpå. Soleis var det i likferdi etter Kristine Nilsdotter Berge 1861. Det var ikkje meiningi det skulde etast, det låg der berre til å syna at det ikkje skorta på mat.
(Hendrikka Jørgensdtr. Eig f. 1832)

*     *     *

Når dei song liket ut, stod der alltid tvo tende ljos på kisteloket. Ikring midten av ljoset var lagt ein utklipt kvit papirstrimmel fastbunden med svarte silkebandssløyfar.

I ei likferd på Songvig i 1880-åri kom faster Hendrikka setjande ut i forstova med anden i halsen då dei skulde syngja liket ut.
– ”Døkke har glømt å få inn lysann!” sa ho strengt til dei som skulde stella i likferdi.

*     *     *

Dei tvo ljosi skulde stå på kista medan dei bar liket ut og sette det på kjerra.
(Gustav Skarpeid)

*     *     *

Dei song utfor døri når liket var utbore og sett på kjerra. So drakk dei «avskjes-skåla».
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

*     *     *

Når liket var utbore av huset, kom den næraste frenden etter den døde ut på dørsteinen og sa:
– ”Nò ska døkke ha takk alle sammen for N. N. (den døde). So skjenkte dei dram og øl ikring kista.
(Johan Markusson Stausland f. 1847)

*     *     *

Dei hadde sine visse kvileplassar på vegen til kyrkjegarden.

På Skarpeid fekk heile fylgjet skjenk under den store eiki på
Nordstrandsvollen, og når dei kom til Knibe. Dei hadde mykje mat og drikke med seg til kyrkja, og dei var inne på Tjomsemonen og fekk kaffi.
(Gustav Skarpeid)

Ved Likhella på Lunde kvilde dei au med liket.
(Sesilia Andreasdtr. Lunde f. 1844)

*     *     *

Dersom liket var mykje tungt, var det ikkje vel med den døde.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

*     *     *

Ein av fylgjet laut greida med ringjingi yver liket. Når dei kom burt på Tjomsemonen, skunda han seg i fyrevegen til kyrkja, so han kunde taka til med ringjingi når dei andre kom burtimot kyrkja med liket. Hans Hansson Lunde kunde ringja so vent når han var med i likferdi.
(Jens Tønneson Lunde)

Dei gamle hadde eit (eller fleire) vers etter det klokkone sa; men dei er visst gløymde no.
(Johan Markusson Stausland f. 1847)

*     *     *

Det var ikkje alltid det gjekk so plent for seg i likferdene som det skulde.

Der var ein fatig stakar som heitte Ingebret, han døydde på Kleppland ein vår (1828).

Det fall heller ulaglegt for Klepplandsbøndene, avdi dei hadde teke til med vårvinna, so tili var kostesam. Dei laut ganga frå arbeidet og fylgja han til jordi, men det var berre ein legdekall, so dei gjorde seg ikkje meir fyre enn turvande var. Dei møtte fram på kyrkjegarden i kvardagsklædi og mykstyvlane som dei kom frå kvii.

Presten Salveseng reidde dei av, og kravde dei skulde gå heim og hama seg. Der var ein av dei som hadde gjort seg so mykje fyre at han hadde teke på seg eit svart silketurklæde um halsen. Han steig fram for presten og bad dei måtte sleppa. Men presten heldt på sitt.
– ” Man må lands skikk følge, eller land fly, sa han.”
(Gunhild Knutsdtr. Eig)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *