Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Død og likferd – (Likferda)

Når dei bryggja øl til likferds, måtte dei slå lite grand øl i munnen på den døde. Han skulde smaka på ølet.

Fyrr dei hadde lampar, sette dei ljos på bordet attmed likkista. Vanleg var det to «likløs», og dei var pynta med svarte band. Skulde det vera riktig fint, hadde dei fire ljos.

Når eit likljos slokna, var det feigdarbod.

Gjestebodet var i store drag ordna på same måten ved likferd som ved bryllaup. Den viktigaste skilnaden var den at i likferda var det ei syrgjehøgtid, men i bryllaupet ei gledehøgtid. Dei åt og drakk, snakka og kjekla i det eine tilfellet som i det andre. Men i likferda var det sjølsagt ingen dans.

Den kjømeisteren som det vart fortalt sa fram slik ei lang lekse når han bad til bryllaups, hadde ei tilsvarande lekse når han gjekk rundt og baud til likferds. Men i staden for «kjærlig hilsen» sa han då «sørgelig meddelelse».

Lik måtte alltid beras ut med føtene fyrst. Ein gong stod kista slik at det høvde best å bera liket ut med hovudet fyrst. Og dei skulde nett til å gjera det. Men då var det ei kvinne som sette i so kvast. Dei måtte endeleg snu kista so at hovudet kom sist ut av døra. Og då var ho so redd at ho skolv. Det var tydeleg ho meinte den døde ville gå att, um dei ikkje bar han ut på rette måten.

Det var skikken å gå med likljos fyre kista når dei bar ho ut. Oftast var det to likljos, og det var to halvvaksne gutar som bar dei.

Vert det «sleppstykke» i ei likferd, skal det snart bli likferd atter etter nokon av dei som er med.

Er det ein hest som ser seg attende og kneggjar, skal det snart bli likferd atter frå same garden.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *