Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Død og likferd

Stell med liket

So snart ein var død, skulde heile garden samlast og vera med og stella og vaska liket, og leggja det på bordet. Dei laut plent klippa neglene på liket.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Karmannslik skulde rakast på øvrelippa.

Dei la koparpengar på augneloki åt liket, og ei salmebok på bringa.

Då Regine Jørgensdotter Lunde døydde (1870), var Osilla på Masta med og stelte liket. Ho la ei bok på kvar sida av den døde. Dei andre meinte det var nok med ei salmebok på bringa, men Osilla sa det var gamall skikk ho heldt seg til med dei tvo bøkene.
(Abel Bessesdtr. Lunde f. 1844)

*     *     *

Elen Olsdotter, fyrste kona til Hans Hansson Lunde, døydde på barnseng (1819). Ho vart ikkje løyst med barnet. Hans sytte for at dei la nål og tråd og saks og ein tybite i kista til henne, so ho fekk det med seg i gravi. Dei hadde høyrt at konor som var døde under slike høve, hadde gjenge att på kyrkjegarden og gråte for dei ikkje hadde klæde til barnet.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

*     *     *

Likkistone var låge og flate på loket. Dei var sverta, men ikkje sindra. Dei brukte ikkje kransar på kista.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *