Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Døden gjestar grenda

Likferd

Døden gjestar grenda.
Teikning av Odd R. Jørgensen.

Gamle Knut, på ein av nabogardane, var død. Det måtte trulig vere år 1925. Han gjekk under namn av Knut Monen, for ei tid hadde han budd på Hægebostad-monen. Rette namnet hans var vistnok Knut Herbjørnsen Lurås, og han var komen frå Tinn Austbygd i Telemark. Som andre av same slekta hadde han gått med skreppehandel i sine unge dagar. Fleire av desse kjøpte seg gode gardar her i distriktet. Knut var ikkje blitt rik, men greidde seg som mange andre på ein liten gard. Ei tid hadde han endå landhandel i eit lite kammers.

Sjølv var eg fire år den gongen, og det var dagen før gravferda. Mor og eg var oppe på ei slette i skogkanten. Der stod ei lita gran med kvistane utbreidde så der var ein høvelig gøymeplass for reven, sa ho. Det var krans ho laga. Krans av granbar. Der blei nok bunden inn mangt eit minne saman med grankvistane i desse heimearbeidde kransane i den gamle tida. — Først var kransen ei lang lekkje. Så blei han rund, og på slutten skulle papirrosene festast oppi. Dei hadde gjerne vore med å feire jul fleire gonger, for eg trur det var same slag roser som vi bruka på juletreet. Var det sommar og blometid, blei nok kransane av og til laga med levande blomar. Det hende nok og at ein fin vinduplante måtte ofre pynten sin.

Minnest eg ikkje feil, så var det far som laga kista. Bord for bord blei sletthøvla og felt saman til det siste huset for ein gammal nabo.

Grenda var saman om det meste. I fellesskap skaffa dei mjølk til gomme og ost og kveldsgrauten gravferdsdagen. Dukar og dekkety måtte lånast og bringast tilbake.

Så kom sjølve gravferdsdagen. På føremiddagen samlast slekta og belaget i heimen til det første måltidet. Det eg minnest frå dette måltidet, er dei store ”systerkakene”. Det var store, tjukke kakeringar med mykje mat i. Stor diameter i botnen, og så mindre og mindre ringar i høgda. Dei største ringane blei nok først skorne opp, så kakekjegla minka i høgda til det andre kaffi-måltidet. Men du så gode dei var.

Den svarte kista blei boren frå låven og sett på eit par stolar framfor huset. Kistelokket måtte av til ei siste avskjedsstund med den døde. Far lyfte meg opp, og det lange, grå skjegget rundt eit bleikt andlet er det einaste bildet eg har i minnet, av gamle Knut, og det første bildet av døden.

Hammarslaga gnall når lokket blei spikra fast. Der skulle brenne lys på kista, og liket skulle syngjast ut. Presten eller ein lekmann heldt gjerne ein kort andakt.

Her må eg føye til at både dette siste og heile resten av dagen minnest eg lite av, men mønsteret heldt seg likeins heilt til slutten av 30-åra. Så i tanken skal vi vere med i gravferda dagen til endes.

Seks mann bar kista ned Vænevodden og sette ho opp på langkjerra nede på dalevegen, der hestane stod ferdige. Det var fem km til kyrkja, og heile vegen var det bare gangfart. Hesten med langkjerra og kista først, og så hestar med karjolar og gravferdsfolk baketter. Ved avkøyringar inn til gardane var der strøydd hakka granbar i ei brei stripe over dalevegen som ei siste helsing.

Når gravferdsfylgjet var kome så langt at dei var synlige frå kyrkjetårnet, hogg klokkene i. Det var ved ei bergnase rett ned for Laubakken. Av og til måtte fylgjet vente litt her før ringaren sette i gang, men så var det bare å køyre til kyrkjeporten. Var presten ikkje til stades, kunne jordfestinga leggast til ein preikesundag. Det hende og at der var fleire jordfestingar same sundagen.

Heimvegen frå kyrkja gjekk raskt unna. Då var det ikkje tale om gangfart, for heime venta fersk kjøtsuppe med «klimpe» (bollar). Skulle bollane bli førsteklasses, måtte der brennevin i deigen. Men alkoholen kokte nok vekk, og alt var ekstra godt — og rikelig.

Ennå var der att eit måltid med tørrmat og så kveldsgrauten når gardsfolk hadde vore heime kvar hos seg og mjølka og stulla i floren. Mjølk til grauten hadde dei med tilbake. Grauten blei kokt i ei stor malmgryte i skorsteinen, for det var ennå mangt eit kjøkken der det ikkje var noke så moderne som ein vedkomfyr.

Var det stor slekt og kanskje attpå til eit stort belag, så blei det mange folk i veitsla, og det kunne bli både to og tri bordfar ved kvart måltid.

Dei som stella, hadde ein hard dag, og «bonen» hadde det ikkje lett han heller, for det høyrde ikkje med til god tone å vere alt for lett-bedd når det var mat å få.

Det kunne bli seint på kvelden før kvar takka for seg og reiste heim. Slektningar som hadde lang veg, måtte overnatte hos naboar dersom det ikkje var plass til alle i heimen.

Slik ei likferd var eit minnerikt samvær, og tilliks med andre veitsler kunne det vere samtaleemne i lange tider etterpå. Første gongen naboane trefte på vertsfolka etter gravferdsdagen, tok dei alltid i hand og sa: «Takk for goe likfor».

Trass i alt det gode, vakre og lettvinte vi har i dag, så har eg likevel ei kjensle av at vi har mist noke verdfullt på vegen til velferdssamfunnet. — Noke som har med varme, omsorg, kultur og samværsformer mellom menneske å gjere. For det rare er, at menneske kan vere rike i sin fattigdom, og andre kan vere fattige midt i rikdomen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *